Mindanaoer den nest største øya i Filippinane, og den øygruppa i landet som ligg lengst mot sør.

Mindanao
øy
Land  Filippinane
Del av Mindanao
Areal 97 530 km²
Folketal 27 021 036 (2021)
Kart
Mindanao
7°30′N 125°00′E / 7.5°N 125°E / 7.5; 125
Kart med dei største øygruppene i Filippinane, Luzon, Visayaøyane og Mindanao.
Kart med dei største øygruppene i Filippinane, Luzon, Visayaøyane og Mindanao.
Kart med dei største øygruppene i Filippinane, Luzon, Visayaøyane og Mindanao.
Wikimedia Commons: Mindanao
Fiskebåt ved Mindanao
Fjellandskap på Mindanao

Geografi endre

Øya, høvesvis øygruppa Mindanao ligg mellom Suluhavet i vest og Filippinarhavet i aust. Saman med dei to øygruppene Visayas og Luzón i nord, dannar øygruppa Mindanao øystaten Filippinane.

Øya Mindanao endre

Øya Mindanao har ei flatevidd på 95 581 km² og består for ein stor del av fjell og høgland. Ho er den nest største øya i Filippinane, Luzon er større. Til saman dekker desse to hovudøyane om lag 2/3 av det totalet landarealet på Filippinane, og hyser meir enn 70 % av befolkninga. 14 millionar menneske bur på Mindanao. Davao er hovudstad på Mindanao og største byen, i vidde skal han elles vere den største byen i heile verda. Høgste fjellet på øya, Mount Apo, er med sine 2 954 meter over havet det høgste fjellet i heile landet.

Øygruppa Mindanao endre

Øygruppa Mindanao består av øya Mindanao, øygruppa Sulu med øyane Basilan, Jolo og Tawi-Tawi, øya Camiguin, Dinagatøyane, Siargao, Samal og Saranganiøyane.

Styre endre

Mindanao er oppdelt i fem regionar, som atter er delt vidare i til saman 25 provinsar. Dei fem regionane er Zamboanga-halvøya, Nord-Mindanao, Davao-regionen, SOCCSKSARGEN og Caraga.

Provinsane Maguindanao, Shariff Kabunsuan og Lanao del Sur er underlagt Region ARMM (=Autonom region i muslimsk Mindanao). Denne regionen vart danna i 1989 og omfattar elles øyprovinsane Basilan, Sulu og Tawi-Tawi lengst mot sørvest.

Kultur endre

Cebuano er det mest utbreidde språket på Mindanao. Elles vert det tala chabacano, tausug, maguindanao, bisaya og hiligaynon.

Om kring 63% av innbyggarane i Mindanao er kristne, 59% katolske og 4 % protestantiske, medan 32% er muslimar. Mindanao har såleis den største delen av islamsk-truande i Filippinane, desse bur i hovudsak sør og aust på øya. Dei resterande fem prosentane høyrer til animistiske og andre religionar, eller dei vedkjenner seg ikkje til nokon religion.

Næringsliv endre

Ris er den viktigaste veksten som vert dyrka på Mindanao, men ikkje i kvanta store nok til å dekke det veksande forbruket. Elles vert det dyrka kveite, kaffiplante, sukkerrøyr og bomull. Frukter som mango, kokosnøtter, bananar, ananas og papaya har eit visst omfang i landbruksnæringa. Vidare finst det gummitreplantasjar, og dyrking av okra, camote og abacaplanten. Den siste er ein banansort, der ein nyttar fibrane i blada til å framstille manillahamp.

Gruvedrifta spelar, valutaøkonomisk, ei større rolle enn landbruket. Filippinane har den største utvinninga av gull i Asia. Andre metall som vert brotne på Mindanao er kopar, aluminium, nikkel, mangan, jernmalm, kromitt, sølv og kobolt. Av mineral som har større økonomisk verdi finn ein stein, sand, kalkstein, kis, basalt, andesitt, kvarts, guano, og opalar.

Historie endre

Islam vart introdusert på Mindanao I det 14. hundreåret. Den vart utbreidd i dei sørlege delane av øya. Sulu-sultanatet vart grunna i 1450 og bestod til tidleg 1900-tal. Maguindanao-sultanatet hadde si stordomstid kring 1690.

Mindanaos historie er som elles i Filippinane prega av ei veksling mellom konfliktar og kolonisering. Etter hundreår med spansk styre fall øya under US-amerikansk makt i 1898. Sjølve Mindanao var til dess forholdsvis tynt busett. Etter at sultanata Sulu og Maguindanao forsvann, har det vore vedvarande konfliktar om rettane til jord og mineral, der sentralregjeringa i Manila avviste eldre oppgåver over eigedomstilhøva på øya.

På 1950-talet gjennomførte den filippinske sentralregjeringa ei systematisk innvandring av kristne. Dei muslimske innbyggarane kom etter kvart i mindretal i sine opphavlege stammeområde. Muslimane lever i hovudsak sør på øya; og i dei områda finst det framleis aktive opprørsgrupper. Moro National Liberation Front (MNLF) strir for ein autonom muslimsk stat som skal omfatte øyane Mindanao, Palawan, Basilan og øygruppa Sulu. Moro-islamsk frigjeringfront (MILF) og Abu Sayyaf har fått stor merksemd gjennom terroristgjerningar, særleg gjennom bortføringa utanlandske turistar på øya Jolo i år 2000.

Kjelder endre