Mindretalsregjering

I eit parlamentarisk system skil ein mellom mindretalsregjeringar og fleirtalsregjeringar. Mindretalsregjeringar har ikkje noko fleirtal bak seg i nasjonalforsamlinga. Det vil seie at det eller dei partia som er med i regjeringa til saman har færre enn halvparten av representantane i nasjonalforsamlinga.

Mindretalsregjeringar kan ha støtte frå andre parti i nasjonalforsamlinga enn dei som er med i regjeringa, slik at her er eit avklara parlamentarisk grunnlag. Men ofte vil dette ikkje vere tilfelle, slik at regjeringa må søke støtte i nasjonalforsamlinga frå sak til sak.

I land med høvestalsval, som Noreg, Sverige og Israel, vil ofte mange parti vere representerte i nasjonalforsamlinga, og det kan vere vanskeleg å etablere ei fleirtalsregjering. I land med fleirtalsval, somStorbritannia, vil det som regel vere færre parti som er representerte i nasjonalforsamlinga, og fleirtalsregjeringar vil vere vanlegare.

Mindretalsregjeringar i Noreg endre

Nasjonalforsamlinga i Noreg, Stortinget, har 169 stortingsrepresentantar frå og med stortingsvalet 2005. Ei regjering må dermed ha minst 85 stortingsrepresentantar i Stortinget for å ha eit fleirtal. Noverande regjering, Regjeringa Stoltenberg II, som består av Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet er ei fleirtalsregjering. Ved stortingsvalet 2005 fekk dei til saman 87 plassar i Stortinget, og ved stortingsvalet 2009 fekk dei 86.

Kåre Willoch si regjering var frå 1981 til 1983 ei rein Høgre-regjering, og ei mindretalsregjering. I 1983 kom Senterpartiet og Kristeleg folkeparti med i regjeringa, og den vart ei fleirtalsregjering, til fleirtalet gjekk tapt ved stortingsvalet 1985. Ingen andre regjeringar etter 1971, anten dei har vore Arbeidarparti-regjeringar eller borgarlege regjeringar, har hatt eit fleirtal på Stortinget bak seg.

Det er ulike grunnar til at eit mindretal på Stortinget klarar å danne regjering. Den viktigaste er at SV og Framstegspartiet, som fløyparti har hatt liten forhandlingsstyrke. Arbeidarpartiet har med god grunn teke støtte frå SV for gitt, og borgarlege regjeringar av ulike slag har, med det tilsvarande argument, teke støtte frå Frp for gitt.

Sjå også endre