Minix

operativsystem

Minix er eitt av fleire «Unix-liknande» operativsystem, desse inkluderer operativsystema Idris, Coherent og Uniflex. Somme av desse vart skrivne fordi AT&T si opphavlege lisensiering av Unix gjekk ut ifrå at det skulle seljast til organisasjonar for kommersielt bruk. Dei «Unix-liknande» operativsystema vart skrivne frå grunnen av utan noko kode frå AT&T.

MINIX 3.1.2a

Historie endre

Minix vart skrive av Andrew S. Tanenbaum frå Vrije Universiteit i Amsterdam i Nederland som eit eksempel i læreboka Operating Systems: Design and Implementation, ISBN 0-13-637331-3. Rundt 12 000 linjer kjeldekode frå kjernen, minnehandsamaren og filsystemet er trykte i boka; storparten er skrive i C.

Minix var laga for å køyre på IBM PC-ar og IBM PC/AT-maskiner i slutten av 1980-åra og tidleg i 1990-åra. Versjon 1.5 var òg porta til Motorola 68000-baserte maskiner (som t.d. Atari ST, Amiga og tidlege Apple Macintosh) og SPARC-baserte maskiner (som Sun Workstation arbeidstasjonar). Versjon 2.0 er berre tilgjengeleg for x86-arkitekturen.

Linux var påverka av Minix (Linus Torvalds var kjend med det, og nytta det som eit utviklingsverkty), men er på mange måtar svært ulikt Minix-arkitekturen. Det gjeld særleg Linux sin monolittiske kjerne framfor mikrokjernen i Minix. Då Minix vart utvikla, vart lisensen sett på som særs liberal, med eit svært lite lisensgebyr samanlikna med tilsvarande operativsystem. Dette var eit kompromiss mellom Tanenbaum sin intensjon om å ha Minix som eit instruerande eksempel, og utgjevaren sine ynskje om å handheve kopiretten i koden. Sidan det ikkje var fullstendig open kjeldekode, bidrog mange frivillige utviklarar heller til Linux- og FreeBSD-kjernane. I slutten av 1990-åra vart lisensen for Minix endra til open kjeldekode, men då hadde allereie andre operativsystem overgått Minix i funksjonalitet, og det heldt fram som eit undervisningverkty – som Tanenbaum hadde meina at det skulle vere – framfor å bli eit utbreidd operativsystem.

Distribusjonar endre

Minix-distribusjonar har dei følgjande ISBN-nummera. Dei inneheld alle kjeldekoden, men kan vere utilgjengelege for sal:

  • Eit sett av 5¼"-diskettar for IBM-PC-ar med 640 KB RAM, som kan bli nytta på 512 KB-datamaskiner om du justerer somme programstorleikar. Tilgjengeleg som ISBN 0-13-583873-8.
  • Eit sett med diskettar for IBM PC med 256 KB RAM, som ikkje inkluderer nokon C-kompilator sidan den ikkje kan køyre med så lite minne. Tilgjengeleg som ISBN 0-13-583881-9.
  • Eit sett med diskettar for IBM PC/AT med minst 512 KB RAM; 1,2 MB 5¼"-diskettar er nytta istadenfor tidlegare 360 KB-diskettar. Tilgjengeleg som ISBN 0-13-583865-7.
  • Nispors industristandard 1600 bpi magnetisk band i UNIX tar-format. Inkluderer ein IBM PC-emulator og nokrebibliotek og program som gjer det mogleg å køyre Minix-filsystemet på ein VAX eller anna minidatamaskin som køyrer UNIX. Tilgjengeleg som ISBN 0-13-583899-1.

Minix versjon 2.0 er distribuert på ein CD-ROM som følgjer med Operating Systems: Design and Implementation, 2. utgåve, av Tanenbaum og Woodhull (1997, ISBN 0-13-638677-6). Seinare utgåver er tilgjengelege på nettet.

Bakgrunnsstoff endre