Ein minnepinne er eit minnekort (til datamaskiner) som har avlang form (derav namnet) og ein storleik som gjer det lett å ta med seg i lomma (t.d. festa på eit nøkkelknippe).

Ein minnepinne med hette (og ein linjal som syner storleiken)

Minnepinnar kan pluggast rett inn i passande portar (ofte USB-portar) i datamaskiner, for rask kopiering av data som ein ynskjer å transportera. Datamaskina oppfattar minnepinnen som eit ekstra platelager.

Somme minnepinnar har innebygd kryptering med passord, fordi ein liten pinne kan vera lett å miste.

Minnepinnar kan ha ein kapasitet frå nokre få KB til fleire GB.

Avlange minnekort til Sony-fotoapparat vert somme tider kalla minnepinnar, både på grunn av forma og varemerkenamnet Memory Stick.