Mio kan vera både manns- og kvinnenamn. Dei er lite utbreidd i Noreg, der det i 2008 berre var 22 menn og 4 kvinner som heitte Mio.

Bakgrunn endre

Namnet kan koma frå det italienske eller spanske ordet for 'min' (maskulinum), mio, og kan sjåast på som ei mannleg form av namnet Mia.

I Japan er Mio eit namn sett saman av 美 (mi), 'vakker', og 桜 (ou) 'kirsebærblom' eller 緒 (o) 'tråd'. Tydinga blir gjerne oppgjeve som 'trippeltråd'.

Kjende namneberarar endre

Mio er mest kjend som tittelkarakteren i barneboka Mio, min Mio (1954) av Astrid Lindgren. Dette namnet er det rette namnet til guten som til dagleg blir kalla Bo Vilhelm Olsson.

Annan bruk endre

Mio er også namnet på ein epletype utvikla i Sverige og kalla opp etter Lindgren-figuren.

Mio Möbler er ein svensk møbelkjede.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre