Distriktet Miraflores i Lima er eitt av 43 distrikt i provinsen Lima, setet for hovudstaden Lima i Peru. Distriktet er kjent for handlegater, blomstrande parkar og strender. Distriktet vart grunnlagt under namnet San Miguel de Miraflores 2. januar 1857. Etter slaget ved Miraflores under Stillehavskrigen fekk Miraflores nemninga 'Ciudad Heroica', «Den heroiske staden».

Plassering av Miraflores blant dei 43 distrikta i Lima
Miraflores med strandområdet i venstre kant
Foto: Christian Van Der Henst S.

Geografi endre

Landarealet i distriktet er oppgjeve til 9,62 km². Det administrative sentrum ligg 79 moh.

Nabodistrikt endre

Demografi endre

Frå og med folketeljinga i 2002 har denne administrative eininga ein folkesetnad på 92 815 personar og ein folketettleik på 9 648,1 personar/km ². I 1999 var det 27 489 husstandar i distriktet.

Kultur og utdanning endre

Distriktet er eit kulturelt sentrum, med teater, kinoar og kunstgalleri. Universidad Cientifica del Sur ligg i Miraflores.

Underhaldning endre

Distriktet har mange kafear, pubar, restaurantar og butikkar, dette trekkjer til seg mykje av folkesetnaden i Lima på sundagar. Vidare finst loppemarknadar og kunstutstillingar i Parque Kennedy, det sentrale torget i Miraflores. Larcomar er eit kjøpesenter med utsikt over Stillehavet frå Miraflores, og er svært populær blant turistar, unge og folk i middels til øvre sosioøkonomiske klassar. Handlesenter har restaurantar, iskrembutikkar, arkadar, bowlingbaner, nattklubbar, barar og det mest moderne kinoen i heile Lima.

Calle de las Pizzas i sentrum av Miraflores er ein favorittstad for tenåringar og unge vaksne i Lima. Det er mange pubar som er fulle kvar helg.

Miraflores har òg blitt eit reisemål for turistar som ynskjer å sjå Lima. Surfing vart introdusert i Peru frå Miraflores. Carlos Dogny reiste til Hawaii på 1930-talet, såg folk som surfa der og innførte sporten til Peru. Saman med vennar skipa han den prestisjetunge Club Waikiki ved stranda i Miraflores.

Historie endre

 
Høghus i Miraflores. Til venstre er den gamle nedkjørselen til strandområdet.

Distriktet har ein arkeologisk stad, Huaca Pucllana, ein førinka adobe- og leirpyramide frå ein før-inkaperiode, mellom 200 og 700 e.Kr.

Under Stillehavskrigen kom bydelen til å bli åstaden for slaget ved Miraflores i 1881. 2000 menneske døydde, og distriktet vart plyndra og brent av chilenske invasjonsstyrkar.

Costa Verde endre

Costa Verde-området, «den grøne kysten», har fleire strender som trekkjer til seg surfarar og strandfolk i sommarmånadene. Den steina strendene er likevel ikkje så populære blant badegjestene som dei store, sandstrender i sørlege Lima, til dømes Santa Maria del Mar, Punta Hermosa og Punta Negra.

Kjelder endre