Mirakelet til huset Brandenburg

Mirakelet til huset Brandenburg syner til dødsfallet til tsarinne Elisabeth av Russland (52 år gammal) i byrjinga av 1762.

Seks år ut i sjuårskrigen var forsvaret til Kongedømet Preussen kraftig svekka og dei hadde nettopp mista den viktige hamnebyen Kolberg ved Austersjøen til russarane. Fredrik II av Preussen rekna krigen som tapt og var på randen av sjølvmord.[1] 5. januar 1762 døydde tsarinne Elisabeth og nevøen hennar Peter III tok over trona. Peter var kjend for å vere tilhengjar av Preussen, og han trekte derfor troppane sine attende og enda krigen utan at det gagna russarane. Prøyssarane, som til då hadde vorte pressa frå alle kantar, kunne dermed konsentrere seg om austerrikarane og klarte til slutt å gå ut av krigen som sigerherrar.

Mot slutten av den andre verdskrigen var Berlin igjen omkransa av den russiske armeen. Adolf Hitler minnast mirakelet 200 år tidlegare og håpte at Tyskland igjen skulle reddast av ei uventa hending, som at Franklin D. Roosevelt skulle døy eller at det kom til usemje mellom Winston Churchill and Josef Stalin.[2]

Kjelder endre

  1. Nederlaget ved Kunersdorf gjorde at han ei stund gav opp alt håp og hadde tankar om sjølvmord. — 2004 Encyclopaedia Britannica.
  2. Stephen J. Lee. Aspects of European History, 1789-1980. Routledge (UK), 1988. Side 279.