Mire Loch er ein menneskeskapt innsjø i St Abb's Head i Scottish Borders, om lag ein kilometer frå landsbyen St. Abbs. Innsjøen ligg i eit område eigd av National Trust for Scotland (NTS) og er om lag 600 meter lang og 50 meter på det breiaste.

Mire Loch
innsjø
Sett frå høgda mot nordvest
Land  Skottland
Høgd over havet 30 moh.
Lengd 0,6 km
Breidd 0,05 km
Areal 0,03 km²
Koordinatar 55°54′40″N 2°08′28″W / 55.91111°N 2.14111°W / 55.91111; -2.14111
Kart
Mire Loch
55°54′42″N 2°08′30″W / 55.91179°N 2.141791°W / 55.91179; -2.141791
Wikimedia Commons: Mire Loch

Historie endre

 
Utløpet frå Mire Loch med ruinane av eit naust i bakgrunnen.

Mire Loch var opphavleg eit myrområdet i St. Abbs Head-forkastinga. Forkastinga skilde den harde vulkanske steinen i St. Abbs Head frå dei mjukare sedimentære bergartane i området rundt. Rundt år 1900 valde ein å gjere det myrlendte landskapet om til eit fritidsområde. Det vart bygd ei demning for å skape innsjøen, som vert nytta til fiske og fuglejakt. Det vart òg bygd ein 9-hols golfbane like ved, men denne vart nedlagd for mange år sidan. Ein kan framleis sjå spor etter den gamle banen.

Kjelder endre