Misjon (frå latin missio, utsending) kan tyde fleire ting. Særleg er det bruka om verksemd for å spreie ein religion, som kristendommen. Opphavleg gjaldt dette spreiing til andre folkeslag, men blir òg nytta om kristeleg og sosialt arbeid blant nordmenn, indremisjonen.

Ulike religionar legg større eller mindre vekt på misjon. Særleg innan kristendommen, islam og bahai er spelar misjon ei viktig rolle.

I Noreg er det mange aktive organisasjonar som driv misjonsarbeid både i innland (indremisjon) og i utlandet (ytremisjon).

Misjon blir òg nytta som synonym til livsoppgåve eller kall, det kan òg nyttast om ein delegasjon, særleg i internasjonalt samkvem.

Kjelder endre