Mississippi eller tidleg karbon er ein geologisk epoke i karbontida. Han er den første av to epokar i karbon og varte frå om lag 359 til 318 millionar år sidan. Som med dei fleste andre geologiske tidsrom er perioden veldefinert, men start- og sluttidspunktet er usikre og har ein feilmargin på nokre millionar år. Mississippitida har fått namn etter frambrot av bergartar frå epoken i Mississippidalen i USA.

I Nord-Amerika, der laget hovudsakleg består av marin kalkstein, vart han tidlegare rekna som ein eigen geologisk periode mellom devon og pennsylvaniatida. I Europa er mississippi og pennsylvania meir eller mindre eit samanhengande berglag og vert som regel berre omtalt som karbon, eller stundom sein eller øvre karbon og tidleg eller nedre karbon.

Bakgrunnsstoff endre

Karbontida
Mississippitida Pennsylvaniatida
Nedre/Tidleg Mellom Øvre/Sein Nedre/Tidleg Mellom Øvre/Sein
Tournaisium Viséum Serpukhovium Bashkirium Moskovium Kasimovium | Gzhelium