Mo kyrkje i Surnadal

Mo kyrkje står i bygda Moen i Surnadalen i Surnadal kommune i Møre og Romsdal fylke, og er ei Y-forma trekyrkje frå 1728. Byggmeister for kyrkja var Erik Jakobsen Holten frå Bæverdalen.

Mo kyrkje
kyrkje

Foto: kirkenorge.no

Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Nordmøre
Sokn Mo
Fellesråd Surnadal
Type Y-kyrkje
Arkitekt Erik Jakobsen Holten[1]
Material tre
Innvigd 1728[1]
 - Endringar Påbygd i 1952[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Frå 1867[1]
Døypefont Frå 1952[1]
Altartavle Frå 1767, ukjend kunstnar
Sitjeplassar 205[2]
Kart
Mo kyrkje i Surnadal
63°00′00″N 8°57′58″E / 63.0001°N 8.9661°E / 63.0001; 8.9661
Wikimedia Commons: Mo church, Surnadal
Mo kyrkje i Surnadal is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Mo kyrkje
Planteikning av Y-kyrkja

Mo kyrkje er ei av fem bevarde Y-kyrkjer i Noreg.

Kyrkja avløyste ei stavkyrkje som truleg var frå kring 1500. Ein del inventar vart flytt over frå stavkyrkja, mellom anna ein preikestol i tidleg barokk og ei kyrkjeklokke. Preikestolen vart skift ut ved ei restaurering i 1867,[3] og hamna etterkvart på Kristiansund Museum der han gjekk tapt under bombinga i 1940.[2]

I 1994 vart det funne ei båtgrav ved kyrkja. Grava er frå 900-talet.[2]

Mo kyrkje er soknekyrkje i Mo kyrkjesokn i Indre Nordmøre prosti.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 * Rasmussen, Alf Henry, red. (1993). «Mo kirke, Mo i Surnadal». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 279. ISBN 82-75-27022-7. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Inge Solheim: «Mo kirke»
  3. Om Mo kyrkje på nettstaden kulturnett.no, arkivert frå originalen 24. januar 2021, henta 26. desember 2020 

Bakgrunnsstoff endre