Moldau

elv i Tsjekkia

Moldau (tsjekkisk Vltava) er den lengste elva i Tsjekkia. Ho har sitt utspring i Böhmerwald, renn gjennom Český Krumlov, České Budějovice og Praha, før ho renn i hop med Elbe ved Mělník. Lengda hennar er 430 km, og ho har eit nedslagsfelt på 28 090 km². Moldau fører med seg meir vatn enn Elbe då dei renn i hop, men fordi ho møter Elbe i ein rett vinkel, ser ho ut som ei sideelv, og elva heiter framleis Elbe vidare frå dette punktet.

Moldau
elv
Moldau i Praha
Land  Tsjekkia
Nedslagsfelt 28 090 km²
Renn gjennom Praha
Sideelvar Otava, Berounka, Lužnice, Sázava
Lengd 430 km
Vassføring for ved munningen
 - middel 149,9 /s
Kjelde Černý potok ved Černá hora i Böhmerwald
 - høgd 1 172 moh.
Munning Elbe ved Mělník
 - høgd 155 moh.
Kart
Moldau
48°51′32″N 13°53′35″E / 48.858945°N 13.893092°E / 48.858945; 13.893092
Wikimedia Commons: Vltava

Fleire demningar vart bygd på elva på 1950-talet, og den største er Lipnodemningen i Böhmerwald. I august 2002 førte flaum i Moldau til at fleire menneske omkom og store øydeleggingar langs heile elveløpet.

Den mest kjende tsjekkiske komponisten Bedřich Smetana si samling av seks symfoniske dikt, Má vlast (Mitt land) er kalla Moldau (eller Vltava), og skildrar elva langs heile løpet.

Etymologi endre

Både det tsjekkiske namnet Vltava og det tyske namnet Moldau meiner ein har sitt opphav frå det gamle skandinaviske ordet som tyder elv.

Moldau sett frå Karlsbrua i Praha

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Moldau