Molybdenitt

(Omdirigert frå Molybdenglans)

Molybdenitt eller molybdenglans er eit blygrått, metallisk mineral som består av molybdensulfid, MoS2. Utsjånaden liknar på grafitt, men det har ein annan strekfarge. Molybdenglans finst som regel i granittiske bergartar, og finst anten som impregnasjon eller på kvartsgangar. Mineralet er den viktigaste molybdenmalmen.

Molybdenitt

Idiomorf molybdenitt på kvarts, Molly Hill-gruva i Quebec i Canada. Det store krystallet er 15 mm på tvers
Generelt
KategoriSulfidmineral
Kjemisk formelMoS2
Strunz-klassifisering02.EA.30
KrystallsymmetriHeksagonal diheksagonal dipyramidal
H-M-symbol: (6/m 2/m 2/m)
Romgruppe: P 63/mmc
Einingscellea = 3.16 Å, c = 12.3 Å; Z = 2
Identifikasjon
FargeSvart, bly-sølvgrå
KrystallformTynne, plateaktig heksagonal krystallar endar i pinakoidal flater, òg som smalnande sekssida pyramidar som kan vere avstumpa av pinakoidar. Òg massiv, lamellert og i små korn i sulfidmalm
KrystallsystemHeksagonal
Kløyvperfekt på [0001]
FastleikLamell fleksibel, ikkje elastisk
Mohs hardleiksskala1–1.5
GlansMetallisk
StrekfargeBlågrå
TransparensNesten ugjennomsiktig; gjennomskineleg i tynne flak
Spesifikk vekt4.73
Optiske eigenskapar
PleokroismeSærs sterk
SmeltbarheitUsmelteleg (bryt saman ved 1185 °C)
Andre eigenskaparDet har ei feittete kjensle og gjev flekkar på fingrar
Kjelder[1][2][3][4]

Noreg var tidlegare ein viktig molybdenprodusent, særleg frå Knaben gruver i Vest-Agder. Andre større førekomstar i Vest-Agder er Kvina og Flottorp, i Telemark til dømes Dalen og Bandaksli, og i Nord-Noreg Oterstrand og Laksådalen i Gildeskål. Ein har òg funne einskilde førekomstar i drammensgranitt i Oslofeltet, mellom Sørumsåsen og Rørvik.

Kjelder endre

  1. Handbook of Mineralogi
  2. Mindat.org
  3. Webmineral data for Molybdenite
  4. Dana's Manual of Mineralogi ISBN 0-471-03288-3

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Molybdenitt