Money Made
Singel av AC/DC
frå albumet Black Ice
Utgjeve 5. juli 2009
Innspelt Mars og april 2008
Studio The Warehouse (Vancouver)
Sjanger Hardrock
Lengd 4:15
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar)
Produsent Brendan O'Brien
AC/DC-kronologi 
«Anything Goes»
(2009)
Money Made «Shoot to Thrill» (live)
(2011)


«Money Made» er ein song av det australske rockebandet AC/DC og den fjerde singelen frå det femtande studioalbumet deira Black Ice. Låten vart berre gitt ut for radiospeling i Australia i juli 2009[1] og i Storbritannia som CD saman med «War Machine».[2] Angus Young uttalte at inspirasjonen hans til songen var pengemanien i USA - «Fokuset ser ut til å vere: 'Korleis får vi pengar ut av dette?'. Beheld me den skulen? Er det noko å tena på det? Treng me verkeleg det nye sjukehuset? Kan du ikkje døy raskare? Må me verkeleg bruka pengar på den medisinen? Kor gammal er du no? Nokre gonger tenkjer du: 'Kan me ikkje alle trekkja pusten djupt?'. Det grunnleggjande må vera på plass. For 30 år sidan tente ein skule aldri pengar. Ein tente ikkje pengar på å fylla ut ein veg eller setja opp eit trafikklys. Sjukehusa var der for å halda folk friske, ikkje for å tena pengar.»[3] Bassisten Cliff Williams har uttalt at det er favorittlåten hans frå Black Ice, og seier: «Han har ein slags lenkegjeng-vibe.»

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Best Aussie Songs Of 2009.... So Far
  2. «AC/DC Promo Singles». Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 15. mars 2011. 
  3. di Perna, Alan (9. februar 2009). «AC/DC: The Big Chill». Guitar World. s. 4. Henta 20. februar 2011.