Monica Westén (fødd 15. mars 1966) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Huddinge. Ho var ein allsidig utøvar som ved europameisterskapen 1990 vann bronsen på spesialøvinga 400 meter hekk.

Monica Westén
Statsborgarskap Sverige
Fødd 15. mars 1966 (58 år)
Huddinge
Idrett friidrett, friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, VM i friidrett 1991, EM i friidrett 1990, EM i friidrett 1994

Aktiv endre

Westén var i sitt livs form i 1990-sesongen. I juni sette ho svensk rekord i sjukamp med 6 085 poeng ved Götzis-stemnet, ein rekord som stod i over 10 år til dess Carolina Klüft sletta den. I august månad sette Westén personleg rekord den 13. på 400 meter hekk med 54,69 sekund og den 18. i høgdehopp med 1,89 meter. Før same sommarmånaden var over, vann ho bronsen på langhekken ved EM i Split.

Åra frå 1987 til 1997 vart Westén svensk meister åtte gongar i 400 meter hekk, fire gongar i sjukamp, tre gongar i høgdehopp, to gongar på 400 meter og ein gong i 100 m hekk, til saman 18 SM-gull i individuelle tevlingar. Personbeste i øvingane var 13,56 sekund på korthekken, 54,69 sekund på langhekken, 53,43 sekund på 400 m, 1,89 meter i høgdehopp og 6 085 poeng i sjukamp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre