Monofoni tyder innan musikken einstemmigheit. Før kring 800-talet var monofon musikk det normale. Eit kjent døme på monofoni er gregoriansk song.

Monofone musikkinstrument kan berre spele ein tone av gangen og kan derfor ikkje spele akkordar. Døme på monofone instrument er dei fleste messing- og treblåseinstrument, som trompet og klarinett.

Dette må ikkje forvekslast med monofoniske lydinnspelingar (mono) der musikk vert gjeven att i éin lydkanal i motsetnad til stereo og surround der to eller fleire lydkanalar vert nytta; mono-innspelingar er fullt i stand til å gje att polyfonisk musikk.

Sjå òg endre

Kjelder endre