x

Mont Cenis (italiensk: Moncenisio) er eit fjell og ein fjellovergang i Savoie i Frankrike, som dannar grensa mellom Dei cottiske og Dei graiiske Alpane. Fjellet har ei høgd på 2 081 meter over havet.

Col du Mont Cenis

Nord Sør
Passhøgd 2 083 m
Region Département Savoie, Frankrike Provins Torino, Italia
Vasskilje ArcIsèreRhône Dora RipariaPo
Stader Lanslebourg-
Mont-Cenis
Susa
Samband D 1006 Strada Statale 25
Bygd 1803
Vinterstengt desember - mai
Fjellområde Dei graiiske Alpane / Dei cottiske Alpane
Profil
Klatrekategori 1 HC
Stigning (snitt) 6,9 %x (682 m / 9,8 km) 5,2 %x (1 581 m / 30,5 km)
Kart
Mont Cenis (Alpen)
Mont Cenis (Alpen)
Mont Cenis
Mont Cenis
x
Koordinatar 45° 15′ 37″ N, 6° 54′ 3″ AKoordinatar: 45° 15′ 37″ N, 6° 54′ 3″ A

Napoleon bygde ein veg over fjellet mellom 1803 og 1810, medan ein lett jernbane vart opna ved sida av vegen i 1868. Jernbanelinja vart derimot øydelagd alt i 1871, då Mont Cenis-tunnelen opna.

Denne tunnelen (høgaste punkt 1 295 m) er eigentleg 27,4 km vest for passet, under Col de Fréjus. Frå Chambéry går linja opp Isèredalen, men går så over i dalen til elva Arc eller Maurienne forbi St. Jean de Maurienne til Modane (98,2 km frå Chambéry). Tunnelen er 13 km lang og fører til Bardonecchia, og ved Oulx slår linja seg saman med vegen frå Col de Montgenèvre.

Så følgjer ein dalen til Dora Riparia til Torino (103,8 km frå Modane). Bilvegen følgjer Arcdalen i 25,7 km frå Modane til Lanslebourg. Vegen ned frå fjellet går gjennom Cenisdalen til Susa (49,9 km frå Modane) der vegen går langs jernbanen.

Sørvest for Mont Cenis ligg Petit Mont Cenis (2 184.2 m), som fører til topplatået (i Italia) til Etachedalen på den franske sida og så til Bramans i Arcdalen. Dette passet vart kryssa av vaudoiane i 1689, og enkelte meiner at dette var passet til Hannibal.

Historie endre

Mont Cenis har vorte nytta fleire gongar i historia. Våren 312 gjekk keisar Konstantin I over passet under felttoget mot usurpatoren Maxentius. Frankarkongane Pippin og sonen hans, Karl den store, gjekk òg over Alpane på denne staden; Pippin i 754 og 756, Karl i 773. I januar 1077 gjekk keisar Henrik IV over Alpane her på sin Kanossagang og i oktober 1310 Henrik VII på felttog mot Roma.

Vinteren 1914 køyrde Alberto Garelli frå motorsykkelfabrikken Garelli over passet på ein sjølvbygd motorsykkel. Dette var ei bragd ingen på den tid trudde var mogleg.

Passet har vore brukt under Tour de France-etappar fem gonger: i 1949, 1956, 1961, 1992 og 1999.

Bakgrunnsstoff endre