Montargis
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Centre
Loiret
Geografi
Flatevidd 4,46 km²
Flatevidd
 - By

4,46 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

15 030
  3 370/km²
Koordinatar 48°00′N 02°44′E / 48.000°N 2.733°E / 48.000; 2.733
Høgd over havet 85 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 45200
Heimeside: www.montargis.fr

Montargis er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Loiret i regionen Centre og har om lag 15 000 innbyggjarar.

Byen ligg om lag 110 km sør for Paris og 70 km aust for Orléans, ved elva Loing i hjarte av regionen Gâtinais.

Montargis er den nest sørlegaste byen i Loiret etter Orléans. Han ligg nær ein stor skog og hovudnæringane er lett industri og jordbruk, inkludert safran. På grunn av dei mange kanalane og bruene vert Montargis stundom kalla «Gâtinais sitt svar på Venezia». Sjølv om byen er forholdsvis moderne har han ein mellomaldersk sjarm i sentrum.

Historie endre

Byen skal ha vore staden der sjalusigudinna Juno gjekk til åtak på Argus. Namnet Montargis skal ha kome frå det det latinske ordet mons argi. Alternativt nemner Julius Cæsar høvdingen Moritas som gav namn til ein by i området. Uansett oppstod byen i antikken, og det er funne fleire gallo-romerske gjenstandar her.

Seinare var byen ein skanse for frankarkongen Klodvig I.

Montargis høyrte opphavleg til huset Courtenay, som bygde ei borg på ein ås ovanfor byen. Byen vart avstått til kongen av Frankrike i 1188. På 1300- og 1400-talet var byen residens for dei kongelege.

Hundreårskrigen endre

I 1427, under Hundreårskrigen, omleira Richard de Beauchamp, jarl av Warwick, byen med artilleri og byrja bombardementet den 15. juli. Under omleiringa saboterte innbyggjarane i Montargis dika til fleire vatn i området, og skapte ein flaum som drukna mange av engelskmennene. 5. september braut ein fransk styrke på 1 600 menn omleiringa, leia av Jean de Dunois og La Hire, kommandørar som seinare leia hæren til Jeanne d'Arc. Dette markerte den første viktige sigeren til Karl VII sin hær under krigen.

Då Jeanne d'Arc vart skada etter ei mislykka omleiring av Paris i september 1429 reiste ho gjennom Montargis på veg til Gien.

Etter krigen gav Karl VI byen fleire privilegium. I 1490 erklærte etterfølgjaren hans, Karl VIII byen som Montargis Le Franc («Skattefrie Montargis»). Montargis slapp å betale skatt i tre hundre år fram til den franske revolusjonen.

1500-talet endre

I 1528 gav Kong Frans I byen til svigerinna si, Renée av Frankrike, Hertuginne av Ferrara og dotter av Louis XII. Etter at mannen hennar Ercole II, Hertug av Ferrara, døydde i 1559 flytta Renée til Montargis. Ho gav her ly til hugenottar som flykta frå forfølgingar i Paris og andre stader under hugenottkrigen.

Bakgrunnsstoff endre