Montreal eller Montréalfransk er den nest største byen i Canada, og den største i den canadiske provinsen Quebec. Opphavleg vart byen kalla Ville-Marie («Maria by»), men vart omdøypt til Montréal på 1700-talet, eit namn som kjem frå det franske Mont Royal («Kongeleg fjell»), som var namnet på ein ås med tre toppar i hjarte av byen.

Montreal
Flagget til Montreal Byvåpenet til Montreal
Flagget til Montreal Byvåpenet til Montreal

Kallenamn
«City of Mary (Ville-Marie)»
Motto
«Concordia Salus («frelse av harmoni»)»
Styresmakter
Land
Provins
Canada
Quebec
Grunnlagd 1642
Geografi
Flatevidd[1] 498 km²
Flatevidd[2]
 - By
 - Urbant
 - Storbyområde

365,13 km²
1 677 km²
4 259 km²
Innbyggjarar[3]
 - By (2006)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

1 620 693
  4 439/km²
3 635 751
3 316 615
Koordinatar 45°30′N 73°40′W / 45.500°N 73.667°W / 45.500; -73.667
Tidssone
- Ved sommartid
EST (UTC-5)
EDT (UTC-4)
Diverse anna
Postnummer H
Telefon-retningsnummer 514 og 438
Heimeside: ville.montreal.qc.ca

Tidlegare var Montreal det største storbyområdet i Canada (i dag er det Toronto), men er den nest største fransktalande byen i den vestlege verda etter Paris. Ei folketeljing i 2006 talde 1 620 693 innbyggjar i sjølve Montreal. Montreal er det 15. største storbyområdet i Nord-Amerika[1] og det 74. største i verda. 70 % av innbyggjarane er fransktalande, medan resten har engelsk eller andre minoritetsspråk som morsmål.

Montreal ligg sørvest i Quebec, om lag 200 km sørvest for provinshovudstaden Québec og 150 km aust for Ottawa, hovudstaden i Canada.

Montreal arrangerte Verdsutstillinga i 1967 (Expo '67), og var vertsby for Sommar-OL 1976.

Université de Montréal er det største franskspråklege universitet i byen med rundt 50 000 studentar. Universitetet ligg i området Côte des Neiges, og har fleire ulike fakultet innanfor kommunikasjon, språk, medisin mfl. Der er fleire engelskspråklege universitet, og det mest kjende er McGill University.

Folk frå Montreal endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Montreal

Kjelder endre

  1. folketeljing 2000 - Storbyområde