Moorhead er ein by i Clay County i delstaten Minnesota i USA. Byen er den folkerikaste i det nordvestlege Minnesota. Moorhead ligg på austbreidda av Red River, med byen Fargo i Nord-Dakota på motsett side av elva. Fylkessetet for Clay County ligg i byen.[1]

Moorhead
by
Rådhuset i Moorhead
Land  USA
Stat Minnesota
Fylke Clay County
Areal 57,718355 km²
Folketal 65 318
Kart
Moorhead
46°52′26″N 96°46′02″W / 46.873888888889°N 96.767222222222°W / 46.873888888889; -96.767222222222
Wikimedia Commons: Moorhead, Minnesota

Ved folketeljinga i 2020 hadde Moorhead eit folketal på 44 505.[2]

Byen blei planlagd i 1871 og gjeven namn etter William Galloway Moorhead, som var tilsett ved Northern Pacific Railway.[3]

Concordia College
Kopi av Hopperstad stavkyrkje, som ein finn i Moorhead.

Moorhead er kjend som ein studentby. Byen har fem lærestader som tilbyr høgare utdanning. Det privateigde Concordia College vart grunnlagt i 1891 av norske innvandrarar, og legg særleg vekt på kultur, religion og helsefag. Vidare har byen ei avdeling av Minnesota State University, høgskulane Minnesota State Community and Technical College, Globe University/Minnesota School of Business, samt Rasmussen College. Moorhead vart grunnlagt i 1871.

I Moorhead finn ein «Hjemkomst Center» med Gokstadskipkopien «Hjemkomst», som vart segla til Noreg i 1982. I senteret ser ein og «The Moorhead Stave Church», kopi av Hopperstad stavkyrkje, i Vik i Sogn.

Folkesetnad endre

92,0 % av ibuarane i Moorhead er kvite, medan latinos utgjer 4,1 % og er den største minoriteten. Av ibuarane med europeiske anar dominerer folk av norsk og tysk avstamming, med høvesvis 36,1 og 36,0 %.

Kjelder endre

  1. «Find a County». National Association of Counties. Henta 7. juni 2011. 
  2. «Explore Census Data». United States Census Bureau. Henta 21. april 2022. 
  3. Upham, Warren (1920). Minnesota Geographic Names: Their Origin and Historic Significance. Minnesota Historical Society. s. 117. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Moorhead