Moskenstraumen, Moskenesstraumen eller Moskstraumen er ein tidvasstraum i Lofoten mellom Moskenesøya og Mosken. På grunn av den store tidvasskilnaden (kring 4 m) kan Moskenesstraumen gjere opptil 6 knop. Moskenstraumen er kjent som ein av dei kraftigaste havstraumane i verda.

Moskenstraumen mellom Værøy og Moskenesøya i mid Mosken
Carta Marina over Moskenesstraumen av den svenske biskopen Olaus Magnus

I europeisk litteratur om geografiske emne frå 1600- og 1700-talet vart det påstått at straumen gjekk inn i ein underjordisk tunnel mellom Norskehavet og Bottenviken. Mange samtidige norske diktarar gav meir nøkterne skildringar basert på observasjonar. Dei verdskjende forfattarane Edgar Allan Poe, Jules Verne og Petter Dass brukte alle desse kjeldene då dei skreiv forteljingane sine om malstraumen i Lofoten.

Straumen er òg nemnt av Captain Ahab i Herman Melville sin Moby Dick[1].

I 2009 føregjekk det eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo og Statens kartverk Sjø (Sjøkartverket) om å modellere straumen i sundet.

Kjelder endre