Moskva-City

(Omdirigert frå Moskva City)


Moskva-City (russisk skrift Mocквa-Cити) er eit nytt område i Moskva. Målet er å skape eit område som blandar underhaldning, arbeid og bustader, og skal verte det første av sitt slag i Russland og heile Aust-Europa. Dei lokale styresmaktene i Moskva gav løyve til å starte bygginga i 1992. Området som skal utbyggast dekkjer ein kvadratkilometer og her låg tidlegare stort sett fabrikkar og industriar.

Bygg endre

 
Plan over området

Tårn 2000 endre

Tårnet består av 34 etasjar og er eit kontorbygg. Det står på høgresida av Moskvaelva. Tårnet er knytt til området via ei gangbru over elva. I tårnet finst underjordisk parkering, restaurant og annan underhaldning. Tårnet er 104 meter høgt, vart påbegynt i desember 1996 og stod ferdig hausten 2001.


Aquaparken endre

Ein stor fornøyelsespark som kjem til å innehalde eit badeland, eit femstjerneshotell og parkering. Badelandet kjem til å ta opp det meste av fornøyelsesparken med fleire basseng og sklier. I tillegg vil det vere eit kjøpesenter, restaurant og kafear.


Det sentrale galleriet endre

Det sentrale galleriet er eit av dei meir komplekse byggverka i Moskva City. Tårnet står på område 6,7 og 8, og er i to delar, ein under og ein over jordoverflata. Bygginga tok til i starten av 2005 og stod ferdig hausten 2008.


Hovudstaden endre

Komplekset Hovudstaden skal symbolisere Moskva og St. Petersburg. Det ligg i område 9 og består av to tårn med høgder på 268 og 234 meter. Tårna står ferdig hausten 2010.

Naberesjnajatårna endre

Naberesjnajatårna ligg i område 10. Tårn A er på 17 etasjar og stod ferdig i 2004, medan Tårn B på 27 etasjar stod ferdig oktober 2005. Tårn C består av 59 etasjar og stod ferdig i 2007. Med ei høgd på 268,4 meter er dette den høgaste bygningen i Europa. Totalt kosta tårna 200 millionar dollar.


Transportterminalen endre

Transportterminalen kjem til å verte møteplass for ulike metrolinjer, light rail-linjer og annan offentleg transport. Her kjem det til å vere kontor, hotell, ein klinkk og parkering. Bygginga starta i januar 2005 og står ferdig i løpet av 2015.


Eurasia Tower endre

Eurasis skal romme kontor, kasino og annan underhaldning. Skyrskraparen vil verte 309 meter høg og ha 72 etasjar. Bygginga starta i 2004 og skal stå ferdig i løpet av 2009.. Prisen på bygget er totalt 250 millionar dollar.


Føderasjonstårnet endre

Føderasjonstårnet kjem til å verte den høgaste skyskraparen i Europa når det står ferdig. Bygget består av tre bygningar. Torn A har 93 etasjar og blir 360 meter høgt, Tårn B 62 etasjar og 242 meter høgt, og Tårn C er eit spir på 506 meter. Bygginga starta i 2004 og vert rekna å stå ferdig i løpet av 2014.


Mercury City Tower endre

Bygginga starta i 2005 og er planlagt ferdig i slutten av 2008.. Det kjem til å verte 339 meter høgt med 75 etasjar og vil fram til Føderasjonsstårnet står ferdig vere den høgaste bygningen i Europa.


Nordtårnet endre

Tårnet inneheld kontor, ein konsterhall, treningssenter, restaurantar, kafe, klinikkar og parkering. Det er 108 meter høgt og består av 27 etasjar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Moskva-City