Moskovskaja oblast
   

Moskva oblast sitt flagg Moskva oblast sitt våpen
Moskva oblast på kartet over Russland
Hovudstad Moskva
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 57.

45 800 km²
0,4

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 2.

ca. 7 095 000[1] (2010)
ca. 154,9/km²

Føderalt distrikt Sentrale
Økonomisk region Sentrale
Regionsnummer 50
Offisielt språk Russisk
Guvernør Andrej Jurjevitsj Vorobjov
Nasjonalsong
Tidssone UTC +0300

Moskva oblast, (russisk Московская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Administrasjonssenteret er i byen Moskva, sjølv om byen ikkje sjølv er ein del av provinsen Moskva oblast. Arealet er 45 800 km² og innbyggjartalet er 7 095 000 (2010).

Demografi endre

Det finst mange byar med over 100 000 ibuarar i Moskva oblast. Dei største er Balasjikha (215 500 ibuarar), Khimki (207 400), Podolsk (188 000 ibuarar), Koroljov (183 400) Mytisjtsji (173 200), Ljubertsy (172 500) og Elektrostal (155 200).[1]

Som sentrum for eit multietnisk imperium i fleire hundre år har Moskva-regionen tiltrekt seg innflyttarar frå heile den tidlegare Sovjetunionen. Ved folketeljinga i 2010 var det tolv folkegrupper som det fanst fleire enn 10 000 av i Moskva oblast. Det store fleirtalet, 87,4 % av folkesetnaden, var likevel etniske russarar. Den største minoritetsgruppa var ukrainarar, som utgjorde 1,7 % av folket. Ingen andre folkegrupper utgjorde meir enn 1 % av folketalet.[1]

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Vserossijskaja perepis naselenija 2010 - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Moskva oblast
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.