Mostar
Mostar er ein by i Bosnia-Hercegovina. Byen er den fjerde største byen i landet, og er hovudsete i Herzegovina-Neretva kommune og ein uoffisiell hovudstad i Hercegovina. Byen har 105 448 innbyggjarar (tal frå 2003).
Mostar | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Kommune |
Bosnia-Hercegovina Hercegovina Herzegovina-Neretva | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 1 175 km² | ||
Flatevidd - By |
1 175 km² | ||
Innbyggjarar - By (2004) |
125 448 (estimert) | ||
Koordinatar | 42°20′N 17°48′E / 42.333°N 17.800°E | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: http://www.mostar.ba/ | |||
Plassering | |||
Mostar i Bosnia-Hercegovina |
Mostar har fått namn etter den gamle brua Stari most over elva Neretva, og tårna på båe sider av elva, dei såkalla «bruvaktarane» (mostari). Den 9. november 1993 vart Stari most, som hadde stått sidan midten av 1500-talet, øydelagd av kroatiske styrkar. Etter krigen vart brua rekonstruert og opna att den 23. juli 2004.
Folk frå Mostar endre
- Goran Jurić, fotballspelar
Galleri endre
-
Elva Neretva gjennom Mostar
-
Stari Most, den gamle brua, gjenoppbygd etter krigsskader i 2004
-
Krigskader 1992-95 på ein bygning på Bulevar Hrvatskih branitelja i Mostar.
Bakgrunnsstoff endre
- Bosnian National Monument - Muslibegovica HouseDenne geografiartikkelen som har med Bosnia-Hercegovina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.