Motala ström er eit vassdrag i Östergötland som renn frå Vättern til Austersjøen.

Motala ström
elv
Motala ström i Norrköping
Land  Sverige
Nedslagsfelt 15 481,2 km²
Lengd 100 km
Vassføring
 - middel 100 /s
Kjelde Vättern
 - høgd 88 moh.
 - koordinatar 58°32′10″N 15°02′05″E / 58.53611°N 15.03472°E / 58.53611; 15.03472
Munning Austersjøen
 - koordinatar 58°37′30″N 16°15′10″E / 58.62500°N 16.25278°E / 58.62500; 16.25278
Kart
Motala ström
58°37′30″N 16°15′10″E / 58.625°N 16.2528°E / 58.625; 16.2528
Kast som sy ner Motala ström frå Vättern (venstre) til Austersjøen (høgre)
Kast som sy ner Motala ström frå Vättern (venstre) til Austersjøen (høgre)
Kast som sy ner Motala ström frå Vättern (venstre) til Austersjøen (høgre)
Wikimedia Commons: Motala ström

Vassdraget startar i Motala, som har gjeve vassdraget namnet sitt. Deretter renn det via Borensberg og Ljungsbro ut i innsjøen Roxen. Det held fram via Norsholm og Skärblacka vidare til innsjøen Glan, deretter gjennom Norrköping, før det munnar ut i Austersjøen i Bråviken ved Loddby.

I Norrköping har elva vore viktig, då ein sidan mellomalderen har nytta seg av fossane her for møller og industri av forskjellig karakter. Dette vassdraget har vore viktig for fleire samfunn. Til dømes ligg Charlottenborg, Kungs Norrby, Ljungs slott, Norsholms herrgard, Ringstaholm, Himmelstalunds herrgard og Johannisborg ved breidda. Det er interessant å merke seg at helleristingar i Norrköping, derav dei fleste finst ved Motala ström, har motiv som viser korleis hestar dreg båtar over eller forbi fossane i elva.

Kraftstasjonar endre

I Motala ström finst sju vasskraftverk som har Tekniska verken som eigar.

Namn Fallhøgd (m) Effekt (kW)
Motala 15,3 12 000
Borensberg 6,8 5 500
Malfors 28,3 21 000
Nykvarn 4,0 -
Älvås 2,3 1 500
Skärblacka 9,0 10 500
Fiskeby 2,5 3 500

[1]

Kjelder endre

  1. «Vattenkraft». Tekniska verken. 2005. Henta 17. februar 2005.