Motocross er ein motorsport som vert køyrt med motorsyklar på baner med anten jord, sand eller liknande underlag.

Motorcrossutøvaren Stefan Merriman

Løp vert vanlegvis køyrd over to heat, eller to omgangar. På det meste kan det vera opptil 30 startande der dei første 100 metrane er ei rett slette, før dei kjem inn i ein krapp sving. Resten av bana er samansett av hopp, svingar og vaskebrett for å halde farten nede.

Hoppa på ei motorcrossbane kan vere frå ein meter og heilt opp imot 40 meter. Sporvalet i motocross er heilt avgjerande for kva plassering ein får. Ved å velje feil spor kan ein tape mange sekund, noko som gjer det vanskeleg å klare å køyre seg opp igjen. Motocross er ein veldig fysisk krevjande idrett og utøvarane må ha svært bra kondisjon samt godt med styrke i heile kroppen.

Motocross i Noreg endre

I Noreg er det tillate å køyre motocross på spesielt godkjende område og i regi av ein klubb som er medlem i NMF. Alle som køyrer motocross må ha lisens. Det finst òg ein nybyrjarlisens som ein kan løyse når ein møter opp på ei motocrossbane. For å få trening eller konkurranselisens må ein gå eit lisenskurs som inneheld åtte timar med teori og åtte timar køyreteknikk. Motocross omfattar òg greinene FMX, speedcross og supermotard.

Ein kan køyre motocross inntil 60 cm³ lågeffekt frå fylte fem år. Det året ein fyller ti år kan ein køyre inntil 85 cm³. Når ein fyller 14 år kan ein køyre inntil 125 cm³. Frå 16 år kan ein køyre fri ccm.

I motocross vert det arrangert NM, NM for lag og Noregscup.

Den fremste motorcrossutøvaren i Noreg er proffkøyrar Kenneth Gundersen som er einaste nordmann som køyrer Motocross Grand Prix (VM).