Ein motorvarmar er eit elektrisk varmeelement som varmar motoren på køyretøy for å gjera oppstart lettare i kaldt vêr. Han blir kopla til vanleg nettspenning (230 V), ofte gjennom eit koplingsur som slår på straumen ein til to timar før ein skal bruke køyretøyet. Dette gjer at kjølevæska blir varma opp, og dermed motoren, sånn at låge utetemperaturar ikkje lagar problem for start av køyretøyet. Enkelte motorvarmarar varmar opp motorolja så viskositeten held seg på eit lågt nivå. Sidan ein motor med motorvarmar får rett arbeidstemperatur mykje raskare enn ein utan, fører det til at motoren brenn drivstoffet meir effektivt med ein gong. Dette reduserer forureining og slitasje.

Personbil med elektrisk motorvarmar i Nord-Sverige

Motorvarmarar er vanleg i område med kaldt vintervêr som til dømes Norden og Nord-Amerika. Her er ofte motorvarmar standardutrusting i bilar. I område med svært kaldt vintervêr kan parkeringsplassar ha straumuttak til motorvarmarbruk.

Fabrikkmonterte motorvarmarar er vanlegvis sett inn i staden for ein frostplugg. Ettermonterte motorvarmarar kan lett bli sett inn i same stad, eller som ein del av ein kjølevæskeslange. Nokre bilar har kupévarmar kopla til same kabel som motorvarmaren for å varme kupeen.

Før motorvarmaren blei oppfunne brukte folk andre metodar for å varme opp motoren før start. Det kunne til dømes vera å fyre ein primus under motoren, eller å tappe av olja eller kjølevæska og oppbevare ho i varmen til neste oppstart.

No om dagen kan køyretøy ha innebygde motorvarmarar kalla tilleggsvarmarar som brenn bensin eller diesel frå drivstofftanken. Dette er spesielt vanleg på bussar i Norden.

Produsentar endre

Sjå au endre