Mount Drewry er eit markant, blokkaktig fjell på vestsida av Beardmorebreen i Antarktis, med ei høgd opp mot 2910 moh. Fjellet ligg mellom Bingleybreen og Cherry Icefall i Queen Alexandra Range. Det vart oppdaga og grovt kartlagt av den sørlege gruppa under Nimrod-ekspedisjonen, leia av Ernest Shackleton, som var ved dette fjellet den 13. desember 1908. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names i 1986 etter David J. Drewry, ein britisk glasiolog som var leiar for radioekkomålingar frå lufta for Scott Polar Research Institute, National Science Foundation og Danmarks Tekniske Universitet, 1967–79, direktør i Scott Polar Research Institute 1984–87, og direktør i British Antarctic Survey frå 1987.[1]

Mount Drewry
fjell
Land  Antarktis
Fjellkjede Queen Alexandra Range
Topp Ross Dependency
 - høgd 2 910 moh.
 - koordinatar 84°27′S 167°21′E / 84.450°S 167.350°E / -84.450; 167.350
Administrert under Antarktistraktaten
Mount Drewry is located in Antarktis
Mount Drewry (Antarktis)

Kjelder endre

  1. «Drewry, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012.