Ngauruhoe

(Omdirigert frå Mount Ngauruhoe)

Mount Ngauruhoe eller berre Ngauruhoe er ein aktiv stratovulkan eller samansett kjegle på New Zealand, samansett av lag av lava og tefra. Han er den yngste ventilen i vulkankomplekset Tongariro på det sentrale platået på Nordøya, og hadde det første utbrotet for om lag 2 500 år sidan. Sjølv om fjellet for det meste vert sett på som ein sjølvstendig vulkan, er det teknisk sett ei sekundær kjegle på Mount Tongariro.

Mount Ngauruhoe
fjell
Mount Ngauruhoe
Land  New Zealand
Fjelltype Stratovulkan
Høgd 2 291 moh.
Siste utbrot 1977[1]
Lettast tilkomst Scramble (sumar)
Førstestiging John C. Bidwill, 1839
Koordinatar 39°9′24,6″S 175°37′55,8″E / 39.15000°S 175.61667°E / -39.15000; 175.61667
Kart
Mount Ngauruhoe
39°09′25″S 175°37′55″E / 39.156944444444°S 175.63194444444°E / -39.156944444444; 175.63194444444
Wikimedia Commons: Mount Ngauruhoe

Vulkanen ligg mellom dei aktive vulkanane Mount Tongariro i nord og Mount Ruapehu i sør, vest for Rangipo Desert og 25 km sør for den sørlege breidda til Lake Taupo.

Māoritradisjonar endre

Vulkanen vart namngjeven av Ngātoro-i-rangi, ein av forfedrane i den lokale maori-iwien Ngāti Tūwharetoa. Lokale overleveringar fortel at Ngātoro-i-rangi tilkalla vulkaneld frå heimlandet sitt, Hawaiki, og at elden til sist kom fram i Ngauruhoe.[2] Namnet er anten til minne om slaven hans, som fraus i hel før elden kom fram,[2] eller peikar på avtrykka (ngā uru) av hans hoe (åre-liknande stav) i fjellgrunnen.

Nyare aktivitet endre

Ngauruhoe hadde utbrot 45 gonger på 1900-talet, siste gongen i 1977.[1] Inne i det indre vulkankrateret og langs randa av det austlege ytre krateret finst fumarolar. Fjellklatrarar som lid av astma kan verta påverka av dei sterke, svovelhaldige gassane som stig opp or krateret.

 
Luftfotografi av krateret.

Ngauruhoe viser ikkje lenger teikn til aktivitet, og vulkanalarmnivået er redusert til null (vanleg bakgrunnsaktivitet).

Ein signifikant auke i jordskjelvsaktiviteten i mai 2006 tilskunda at alarmnivået vart auka til ein (teikn til vulkansk aktivitet). Gjennom dei neste to åra registrerte GeoNet eit gjennomsnitt på fem til tretti jordskjelv om dagen nær Ngauruhoe, og det maksimale talet var så høgt som 80.

Sidan midten av 2008 har talet på vulkanske jordskjelv nær Ngauruhoe gått ned til bakgrunnsnivået. Reglmessige målingar av vulkangassnivået og temperaturane i gassutsleppa på toppen har ikkje registrert signifikante endringar i dei siste to og eit halvt åra etter 2006.[3] GNS Science reduserte i samsvar med dette alarmnivået for Ngauruhoe til nivå 0 den 2. desember 2008.

Klatring endre

 
Sett frå Mount Ruapehu
 
Ngauruhoe sett tvers over det sørlege krateret tilTongariro. Den vanlege ruta opp til toppen er synleg til høgre.

Fjellet vert vanlegvis klatra på vestsida, frå Mangatepopo track. Frå Mangatepopo-hytta til foten av fjellet er det ein 1½ times jamn marsj, der dei første 45 minuttane gjennom dalen høver for både born og eldre menneske. Ruta vert deretter svært bratt opp til starten på klatrepartiet. Om sumrane gjer laus tefra som gir etter under føtene klatringa vanskeleg. Om vintrane gjer snøen tefraen meir stabil. Røynde og godt trena klatrarar kan klatra frå nordsida ved å gå over lavastraumen i Mangatepopo-dalen frå Mangatepopo-hytta. Denne ruta er betydeleg lenger utan flate parti der ein kan kvila, og er ikkje tilrådd for uøvde klatrarar. Klatrarar som har nådd toppen, kan gå rundt krateret og ned att den vanlege, austlege ruta.

Førekomst i film endre

I 1974 vart alpinisten Jean-Claude Killy, som del av ein reklamekampanje for sponsoren, vinfirmaet Moët & Chandon, filma då han stod på ski ned den austlege hellinga av fjellet, noko ingen hadde gjort tidlegare. Den gjennomsnittlege hellinga på denne sida av vulkanen er 35 grader, og farten til Killy vart målt med radar til meir enn 160 kilometer i timen.

Mount Ngauruhoe vart brukt som modell for det oppdikta fjellet Dommedagsberg (Mount Doom), i Peter Jackson sin filmtriologi Ringdrotten, og vart med det kjent over heile verda.[4]

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «Tongariro». Global Volcanism Program, Smithsonian Institution. http://www.volcano.si.edu/world/volcano.cfm?vnum=0401-08=. 
  2. 2,0 2,1 J. Mackintosh Bell (Juli 1912). «Some New Zealand Volcanoes». The Geographical Journal (Vol. 40, No. 1): 8–10. JSTOR 1778890. 
  3. GNS Alert Bulletin, arkivert frå originalen 11. desember 2012, henta 22. november 2012 
  4. Sibley, Brian. The Making of the Movie Trilogy The Lord of the Rings, Houghton Mifflin (2002).

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ngauruhoe
Panorama inne i krateret.
Panorama frå kraterkanten
Utsikt mot Mount Ngauruhoe frå turruta Tongariro Alpine Crossing.