Moussaka (gresk μουσακάς, tyrkisk musakka) er ein gratinert matrett som stammar frå Midtausten, men som også er typisk for det balkanske kjøkenet. Retten er best kjend frå Tyrkia og Hellas, men han er utbreidd i store delar av Midtausten og på Balkan.[1][2] Moussaka består i hovudsak av aubergine, tomat, lam, kvitlauk og diverse urter. Salat og brød blir gjerne også servert som tilbehøyr. Mousakka vert laga i forskjellige former og variasjonar i dei ulike landa og geografiske områda der retten er utbreidd.

Moussaka

Etymologi endre

Det norske og engelske ordet «moussaka» kjem frå det greske «mousakas» (μουσακάς). Det greske namnet kjem igjen frå det tyrkiske «musakka». Same namn er funne i land som tidlegare var ein del av Det osmanske riket. Det tyrkiske namnet kjem i sin tur frå arabiske «musaqaa» (مسقعة), som direkte omsett betyr ‘avkjølt.[3][4]

Ein annan populær tyrkisk rett, kalla İmam bayıldı (som betyr ‘Imamen besvimte’), liknar på moussaka, men blir eten kald og inneheld som regel ikkje kjøtdeig. Moussaka blir eten varm.

Kjelder endre

  1. Ghillie Basan, Jonathan Basan. Classic Turkish Cooking. St. Martin's Press, 1997. ISBN 978-0-312-15617-6
  2. Omtale av moussaka på cooks.com (engelsk)
  3. Origin of word moussaka @ Merriam-Webster Dictionary
  4. «Moussaka @ Concise OED». Arkivert frå originalen 6. august 2016. Henta 8. november 2012. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Moussaka