Mr. Tambourine Man

Mr. Tambourine Man
song av Bob Dylan
frå albumet Bringing It All Back Home
Språk engelsk
Utgjeve 22. mars 1965 (album)
Innspelt Columbia Recording Studios i New York City 15. januar 1965
Sjanger Folkrock
Lengd 5:29
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson
«Mr. Tambourine Man»
Singel av The Byrds
frå albumet Mr. Tambourine Man
B-side

«I Knew I'd Want You»

Språk engelsk
Utgjeve 12. april 1965
Innspelt 20. januar 1965 i Columbia Studios i Hollywood
Sjanger Folkrock
Lengd 2:29
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Terry Melcher
The Byrds-kronologi 
«Mr. Tambourine Man» «All I Really Want to Do»
(1965)


«Mr. Tambourine Man» er ein song av Bob Dylan frå albumet hans Bringing It All Back Home i 1965. Han var produsert av Tom Wilson. The Byrds spelte òg inn songen og gav han ut som den første singelen deira. Singelen gjekk rett til topps på den amerikanske Billboard-lista. Sidan Dylan hadde skrive songen i 1964 fekk The Byrds tilgang til han før han vart gjeven ut på Bringing It All Back Home. Derfor vart The Byrds si innspeling gjeve ut berre to veker før Dylan si eiga utgåve. Songen har òg vorte spelt av mange andre artistar, mellom andre Judy Collins og William Shatner. Songen har vorte ein av dei mest kjende og populære Dylan-songane og finst på mange samleplater av både Dylan og The Byrds.

Songen har ein lys og open melodi og har vorte kjend for dei surrealistiske tekstbileta, påverka av kunstnarar så forskjellige som den franske diktaren Arthur Rimbaud og den italienske filmskaparen Federico Fellini. I teksten vert tittelkarakteren bede om å spele ein song og forteljaren vil følgje etter. Dylan syng fire forskjellige vers, medan The Byrds berre nytta eitt av desse. Songen er ein av berre tre songar som kom med to gonger på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene, både The Byrds og Dylan sine utgåver.

Bob Dylan-utgåva endre

«Mr. Tambourine Man» vart skriven tidleg i 1964, om lag samstundes med «Chimes of Freedom», som Dylan seinare spelte inn for det siste akustiske albumet sitt, Another Side of Bob Dylan.[1][2] Dylan skreiv songen på ein biltur på tvers av USA ein gong mellom slutten av mars og byrjinga av april. Han spelte songen på ein konsert første gong i i London i England[1]

Dylan spelte inn «Mr. Tambourine Man» nokre veker seinare, den 9. juni, under innspelinga av Another Side.[1] Opptaket vart spelt inn i lag med Ramblin' Jack Elliott, men Dylan valde å ikkje ta med songen på albumet, sidan han meinte opptaket ikkje var godt nok.[1] Meir enn seks månader seinare spelte Dylan inn songen på nytt, den siste innspelingsdagen av Bringing It All Back Home den 15. januar 1965, same dag som «Gates of Eden», «It's Alright, Ma (I'm Only Bleeding)» og «It's All Over Now, Baby Blue».[1]

Hey! Mr. Tambourine Man, play a song for me,
I'm not sleepy og there is no place I'm going to.
Hey! Mr. Tambourine Man, play a song for me,
In the jingle-jangle morning I'll come following you.

Bob Dylan[3]

Andre utgjevinga endre

«Mr. Tambourine Man» finst på Bob Dylan's Greatest Hits frå 1967 og fleire andre samlealbum, som Biograph, Masterpieces og The Essential Bob Dylan.[4][5] Songen har alltid vore ein personleg favoritt for Dylan og han har hevda at det var den einaste songen han nokon gong prøvde å gjenskape.[6]

Dylan har spelt songen på konsertar heilt sidan han vart skriven.[7] Konsertutgåver av songen finst på The Concert for Bangladesh, The Bootleg Series Vol. 4: Bob Dylan Live 1966, The "Royal Albert Hall" Concert, The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue og Bob Dylan at Budokan.

The Byrds-utgåva endre

«Mr. Tambourine Man» var debutsingelen til det amerikanske folkrockbandet The Byrds og kom ut 12. april 1965[8]Columbia Records. Singelen nådde førsteplassen både i USA og i Storbritannia.[9][10] Det vart dermed den første Bob Dylan-songen som nådde førsteplassen på ei popliste.[11] Songen kom òg ut på debutalbumet deira Mr. Tambourine Man, som kom 21. juni 1965.[12] Singelen og albumet med same namn var særs viktig i oppstarten av musikksjangeren kalla folkrock.[13] Songen ligg på 79. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. Dylan si eiga utgåve låg på 106. plass.[14]

The Byrds spelte inn songen med elektrisk akkompagnement og ein gitarriff av Jim McGuinn i starten[15] og skapte slik starten på musikksjangeren folkrock. Harmonivokalen på songen vart eit kjennemerke for The Byrds.[16]

Sidan produsenten Terry Melcher meinte at The Byrds ikkje var særleg flinke musikarar, var McGuinn den einaste i bandet som faktisk spelte på «Mr. Tambourine Man». Han leigde inn The Wrecking Crew, studiomusikargruppa som bestod av Hal Blaine, Larry Knechtel og Leon Russell, med McGuinn på gitar og McGuinn, David Crosby og Gene Clark song vokal.[17]

Andre utgåver endre

«Mr. Tambourine Man» har vorte spelt av mange andre artistar.[18] Av desse finn ein Odetta, Judy Collins, The Four Seasons, The Barbarians, Chad and Jeremy (alle desse i 1965), The Beau Brummels (1966), The Lettermen (1966), Kenny Rankin (1967), Melanie Safka (1969), Gene Clark (1984), Les Fradkin (2007) og Bob Sinclar (2009).[7][18]

Norske versjonar endre

Det er skrive minst fire norske versjonar av songen.

Norsk tittel Tekst Original artist År
«Tamurinegjøgler» A.M. Lindhjell Margrethe Toresen 1972
«Jeg mista tamburin min» Finn Evensen Bjelleklang 1994
«Hei spellemann» Håvard Rem Åge Aleksandersen med band og Taraf de Haïdouks 1997
«Hei kjære dragspelar» Oddvar Torsheim Oddvar Torsheim

Ettermæle endre

I 1989 plasserte Rolling Stone The Byrds-utgåva på 86. plass på lista deira over dei 100 beste singlane dei siste 25 åra.[19] Same året plasserte kritikaren Dave Marsh songen på 207. plass på lista hans over dei 1001 beste singlane nokon gong.[20] I 1999 valde National Public Radio i USA som ein av dei 300 viktigaste amerikanske platene på 1900-talet.[21] Den britiske kritikaren meinte The Byrds-utgåva var den beste singelen som nokon gong var gjeven ut.[22] Andre magasin som har plassert songen høgt oppe på liknande lister er Mojo, New Musical Express og Sounds.[23][24][25] Den australske musikkritkaren Toby Creswell hadde med songen i boka si 1001 Songs: The Great Songs of All Time and the Artists, Stories and Secrets Behind Them.[26]

I ei kåring over dei beste Dylan-songane i Mojo vart songen plasser tpå fjerdeplass av lesarane og 14. plass av andre musikarar.[27] I 2002 plasserte Uncut songen på 15. plass på tilsvarande liste.[28]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Heylin, C. (2009). Revolution in the Air. Chicago Review Press. s. 181–186. ISBN 978-1-55652-843-9. 
  2. Williamson, N. (2006). The Rough Guide to Bob Dylan (2nd ediution utg.). Penguin Books. s. 223–224. ISBN 978-1-84353-718-2. 
  3. Dylan, B. (2006). Lyrics: 1962-2001. Simon & Schuster. s. 152–153. ISBN 0-74323-101-5. 
  4. «Mr. Tambourine Man». allmusic. Henta 20. oktober 2009. 
  5. «Bob Dylan's Greatest Hits». allmusic. Henta 16. juli 2009. 
  6. Shelton, R. (1997). No Direction Home. Da Capo Press. s. 274–275. ISBN 0-306-80782-3. 
  7. 7,0 7,1 Trager, O. (2004). Keys to the Rain: The Definitive Bob Dylan Encyclopedia. Billboard Books. s. 438–441. ISBN 978-0823079742. 
  8. Eder, B. (1990). The Byrds 1990 CD box set liner notes. 
  9. Warwick, N.; Brown, T.; Kutner, J. (2004). The Complete Book of the British Charts (Third Edition utg.). Omnibus Press. s. 6. ISBN 9781844490585. 
  10. «The Byrds chart data». Ultimate Music Database. Henta 20. oktober 2009. 
  11. Shumway, D. (2009). «Bob Dylan as a Cultural Icon». I Dettmar, K. The Cambridge Companion to Bob Dylan. Cambridge University Press. s. 114. ISBN 978-0-521-88694-9. 
  12. Rogan, J. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited. Rogan House. s. 545. ISBN 0-95295-401-X. 
  13. Rogan, J. (1996). Mr. Tambourine Man (1996 CD liner notes). 
  14. «The Rolling Stone 500 Greatest Songs of All Time #1 through #100». RollingStone.com. Arkivert frå originalen 16. april 2007. Henta 20. oktober 2009. 
  15. Rogan, J. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited. Rogan House. s. 49–63. ISBN 0-95295-401-X. 
  16. «Mr. Tambourine Man». ByrdWatcher: A Field Guide to The Byrds of Los Angeles. Henta 18. juli 2009. 
  17. Fricke, D. (1996). Mr. Tambourine Man - CD hefte. 
  18. 18,0 18,1 «Mr. Tambourine Man covers». allmusic. Henta 15. juli 2009. 
  19. «Rolling Stone: The 100 Best Singles of the Last 25 years». Rolling Stone Magazine. Juli 1989. Henta 20. oktober 2009. 
  20. Marsh, D. (1999). The Heart of Rock og Roll: The 1001 Greatest Singles Ever Made. Da Capo Press. s. 145. ISBN 978-0306809019. 
  21. «The Original NPR 300». NPR. Henta 20. oktober 2009. 
  22. Larkin, C., red. (2000). Virgin All-time Top 1000 Albums. Virgin Books. ISBN 978-0753504932. 
  23. «The 100 Greatest singles of all time». Mojo. August 1997. Henta 20. oktober 2009. 
  24. «NME’s 100 Greatest Singles Of All Time». New Musical Express. November 2002. Henta 17. juli 2009. 
  25. «Sounds All Time top 100 Albums & Singles». Henta 20. oktober 2009. 
  26. Creswell, Toby (2006). 1001 Songs: The Great Songs of All Time and the Artists, Stories and Secrets Behind Them. Da Capo Press. s. 59. ISBN 978-1560259152. 
  27. «100 Greatest Dylan Songs». Mojo. November 2005. Henta 20. oktober 2009. 
  28. «Uncut – Top 40 Dylan Tracks». Uncut. Juni 2002. Henta 20. oktober 2009.