Muck (skotsk gælisk Eilean nam Muc) er ei øy i Hebridane på vestkysten av Skottland. Muck er den minste av dei fire større øyane i øygruppa Small Isles, med eit areal på 5,59 km². Øya ligg sørvest for Eigg, nordvest for halvøya Ardnamurchan og nordaust for Coll. Det høgaste punktet på øya er Beinn Airein sørvest på øya, 137 meter over havet.

Muck
Lokalt namn Eilean nam Muc
Port Mor på Muck
Port Mor på Muck
Geografi
Muck i Skottland is located in
Muck i Skottland ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°50′N 6°15′W / 56.83°N 6.25°W / 56.83; -6.25
Øygruppe Indre Hebridane

Areal 5,59 km²

Høgaste punkt Beinn Airein (137 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Største busetnad Port Mòr

Demografi
Folketal 30 (2001)
Folketettleik 5,4 /km²

Ved folketeljinga i 2001 var det registrert 30 fastbuande på øya. Dei aller fleste av desse budde i landsbyen Port Mòr søraust på øya. Det er òg ein busett gard ved Gallanach nord på øya. Muck har dagleg ferjesamband til Mallaig på fastlandet og dei andre busette øyane i Small Isles: Eigg, Rùm og Canna/Sanday. I sommarsesongen er det òg båtsamband til Arisaig på fastlandet.

Muck er kjent for den store bestanden av sel. I farvatna rundt Muck er det mange niser.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre