Muffins er små koppforma, søte og mjuke kaker som minner om sukkerbrød.[1] Dei blir steikte i små porsjonsformer.[1]

Ordsoge endre

Ordet kjem frå engelsk, der det fyrst er kjent frå 1700-talet. Opphavet er ukjent. Det kan stamma frå lågtysk muffe (fleirtal muffen), som har vore nytta om små kaker frå 1500-talet. Ein har også peikt på gammalfransk moflet, mouflet, som er kjent frå 1300-talet som eit for eit slags brød og frå 1200-talet som eit adjektiv som i denne samanhengen tyder ‘mjukt [brød]’.[2]

I Storbritannia har ordet vist til ulike typar bakverk, og er ofte blitt blanda saman med crumpets og pikelets. Dei er ofte laga av gjærdeig med mjølk og smør i, og er ofte steikt på ei takke. På 1800-talet var det vanleg å eta dei varme til frukost eller temåltid, og dei blei ofte selde av ein gateseljar, ein muffin man, som ringte med ei bjølle. På 1840-talet blei slike bjøller forbodne av parlamentet, men dei blei framleis nytta.[3]

Moderne muffins er ei amerikansk oppfinning. Dei blir baka i omn med bakepulver og natron som hevemiddel, og kan vera på storleik med knyttneven til ein vaksen mann eller større. Ofte blandar ein bær, frukt, syltetøy, sjokolade eller krydder i røra.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «muffins» i Nynorskordboka.
  2. «muffin». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
  3. Mason, Laura (2006). «muffin» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-280681-9. doi:10.1093/acref/9780192806819.001.0001/acref-9780192806819-e-1624?rskey=07djhl&result=1. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Muffins