Mugarra er eit fjell i Bizkaia i regionen Baskarland i Spania med ei høgd på 936 meter over havet. Det høyrer til Aramotz-massivet.

Mugarra
fjell
Mugarra frå aust med dagbrotet
Land  Spania
Område Bizkaia
Fjellkjede Baskarfjella
Høgd 936 moh.
Primærfaktor 195 m
Lettast tilkomst Frå Mañaria og Mugarrekolandapasset.
Koordinatar 43°09′9.13″N 02°40′46.19″W / 43.1525361°N 2.6794972°W / 43.1525361; -2.6794972
Kart
Mugarra
43°09′09″N 2°40′46″W / 43.152536111111°N 2.6794972222222°W / 43.152536111111; -2.6794972222222
Wikimedia Commons: Mugarra

Aramotz-massivet er det vestlegaste fjellet i Urkiolafjella. Mugarra er ei fortsetjing av linja Anboto, Alluitz, Aitz Txiki og Untxillaitz og er det austlegaste fjellet i Aramotz-massivet.

Store kalksteinsklipper med fossil av skjel finst i fjella. Sørsida av fjellet er ein 300 meter høg fjellvegg over Mugarrekolanda. I denne veggen hekkar dei fleste gribbane i området, om lag 60 stykk. Nordsida, som vender mot Durango, er òg bratt, men likevel dekt av bøk og kantabrisk steineik.

Langs ryggen av Mugarra er det mange klatreruter, men det er ikkje lov med fjellklatring for å ikkje forstyrre gribbane. Det vert likevel drive store dagbrot for å henge ut kalkstein langs ryggen. Dette har gjort uoppretteleg skade på fjellet like ved grensa til det verna området.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre