Muir of Ord (skotsk-gælisk Am Blàr Dubh) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 2000 innbyggjarar. Landsbyen ligg på vestsida av halvøya Black Isle på den skotske nordaustkysten, inst i Moray Firth. Han ligg ikkje langt frå botnen av fjordarmen Beauly Firth, mellom landsbyane Beauly og Conon Bridge. Han er om lag ti kilometer sør for byen Dingwall og 20 km vest for Inverness.

Muir of Ord

skotsk-gælisk Am Blàr Dubh
Frå Muir of Ord. Foto: Richard Webb
Frå Muir of Ord.
Foto: Richard Webb
Frå Muir of Ord.
Foto: Richard Webb
Plassering
Muir of Ord is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Highland
Tradisjonelt grevskap Inverness
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

1 812
Koordinatar 57°31′N 4°28′W / 57.517°N 4.467°W / 57.517; -4.467
Diverse annan informasjon
Postnummer IV6
Telefon-retningsnummer 0 1463
Commons har multimedium som gjeld: Muir of Ord

Den årlege landsbruksmessa Black Isle Show finn stad i Muir of Ord. Whiskydestilleriet Glen of Ord ligg i landsbyen, og er ope for publikum for omvisingar.

Kjelder endre