Mulen er ein gard og ei halvøy nordvest på Fedje. Ho ligg nordaust i området Vestkanten i innseglinga til hovudhamna på Fedje. I følgje Oluf Rygh tyder namnet eit breitt og høgt nes.

Mulen
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Preposisjon Mulen
Gardnummer 169

Området vart først busett i 1750-åra, men alt i 1770-åra vart området fråflytta, og det låg aude dei neste 50 åra.

Mellom fastlandet og halvøya ligg Muleide. I 1870-åra vart det rydda eit eige bruk her.

Kjelder endre

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.