Mummitrollet er ein barnebokfigur laga av den finlandssvenske forfattaren og teiknaren Tove Jansson. Ho gav ut ei rekkje bøker om Mummitrollet frå 1940-talet og framover. Desse bøkene vert ofte kalla Mummibøkene. Serien handlar om Mummitrollet og venene hans som bur i Mummidalen. Det er òg laga ein teikneserie om Mummitrollet, dokkefilmar for TV, og ein europeisk-japansk animasjonsserie for TV og kino. I Finland er det dessutan laga ein familiepark på grunnlag av forteljingane og figurane.

Mummitrollet og venene hans endre

I byrjinga var Mummitrollet ein figur som dukka opp på sider som Jansson laga for eit finsk blad på 1930-talet, men etter kvart fekk Mummitrollet sjølv rolla som hovudperson i fleire bøker og filmar. Mummitrollet bur i eit stort blått hus i Mummidalen saman med Mummimamma og Mummipappa. Mummitrollet har mange gode vener, blant anna Snorkfrøken, Sniff, Snusmumriken og Lille My. Andre figurar i Mummidalen er Hufsa, Hemulen, Snorken, Totiki og Mymlen.

  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.