Munkeliv kloster i Bergen skal ha vorte oppretta kring 1110 av kong Øystein Magnusson (1103-23). Det var eit benediktinarkloster og vigd til erkeengelen Mikael.

Marmorhovud av Øystein Magnusson
Foto: Nina Aldin Thune

Det vart reist på det området som framleis vert kalla Klosteret, på høgda ned mot Nordnes. Kyrkja, Mikaelkyrkja, var bygd i stein og skal ha hatt påverknad frå Nord-Italia. Ho var opphavleg einskipa, med kyrkjeskip og kyrkjekor i same breidd, og ei apside. Ho hadde òg ei krypt i aust. I vest vart det bygd eit tårn i løpet av 1200-talet.

I 1426 vart klosteret overteke av birgittinarordena etter at pest på midten av 1300-talet hadde ført til forfall. Klosteret vart då delt mellom munkar og nonner.

I 1455 svidde hanseatane av klosteret då dei jakta på høvedsmannen på Bergenhus festning, Olav Nilson. Han hadde drive med kaparverksemd mot Rostock og Wismar, og vona at han skulle vera verna mot forfylgjarane medan han var i klosteret.

Nonnene, birgittinarane flytta til Hovedøya ved Oslo, men kom attende i 1478 etter at klosteret var vorte bygd opp att av cisterciensiarane. Der vart dei til 1531 då klosteret vart sekularisert.

I 1536 vart klosteret brend ned og murane nedbrotne, i samband med reformasjonen.

Under arkeologiske utgravningar i 1860 leia av Nicolay Nicolaysen, fann ein eit hovud laga av marmor som syner kong Øystein Magnusson. Dette skal vera det eldste portrettet av ein nordmann. Bergen Museum har i dag hovudet i samlinga si.

Munkane dyrka urter i ein urtehage i skråninga mot Puddefjorden. Hagen vart overteke av Løveapoteket i Bergen, som nytta klosterhagen til apotekhage og dyrka medisinske plantar til bruk i apoteket. Mot slutten av 1800-talet vart området bygd ut med hus.

Litteratur endre

  • Lidén,Hans-Emil og Magerøy, Ellen Marie, Norges kirker, Bergen, band 1, Oslo 1980 ISBN 82-05-12367-5

Bakgrunnsstoff endre