Sjå òg elva Mura i Russland

Mura (tysk Mur) er ei elv i Sentral-Europa, og ei sideelv til Drava, som igjen renn ut i Donau. Ho har sitt utspring i den austerrikske nasjonalparken Hohe Tauern, 1 898 m over havet, og har ei total lengd på 465 km, der 295 km er i Austerrike, 98 km i Slovenia, og resten utgjer grensa mellom Ungarn og Kroatia. Den største byen langs elva er Graz i Austerrike.

Mura
elv
Mura i Steiermark i Austerrike.
Land  Austerrike,  Ungarn  Slovenia,  Kroatia
Nedslagsfelt 13 824 km²
Renn gjennom Graz
Sideelvar Mürz
Lengd 465 km
Kjelde Hohe Tauern i Alpane
 - høgd 1 898 moh.
Munning Drava i Kroatia
 - høgd 130 moh.
Kart
Mura
47°07′48″N 13°20′49″E / 47.13°N 13.3469°E / 47.13; 13.3469
Wikimedia Commons: Mur River
Mura renn gjennom Graz.

Elva har gjeve namn til eit område i Slovenia kalla Prekmurje («Trans-Mura-land») og eit område i Kroatia kalla Medjimurje ('mellom-Mura-land'). I dette området kan ein framleis bruke kabelferje som transportmiddel.

I vestlege (eller øvre) delar av Medjimurje, flaumar Mura relativt ofte over og renn sakte mot nord, til venstre for seg. Her finn ein dei største skogane langs elva, Murščak, som ligg mellom Domašinec og Donji Hrašćan, (hrast er eikkroatisk språk).

Sidan 300-talet fvt. har det vore flytande møller drivne av vasstraumen i elva. Den eldgamle teknologien vart seinare tatt opp av slavarane og så av ungararane. På 1920- og 1930-talet var mange av desse møllene framleis i drift langs elva, og minst ei gamal mølle — Babičev mlin nær Veržej i Slovenia — er framleis i drift i dag.

Elvar munnar ut nær Legrad i Koprivnica-Križevci i Kroatia, der ho renn inn i Drava.

Mura er kjend for å innehalde små mengder gull, men ikkje nok til at det kan utnyttast i dag. I eldre dagar vart det derimot leita mykje etter gull i elva, og organisert leiting etter gull starta i 1772.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mura