Murmansk

by i Russland

Murmansk (russisk Мурманск) er ein by på Kolahalvøya lengst nordvest i Russland, ikkje langt frå grensa til Noreg. Murmansk er den største byen nord for polarsirkelen og administrasjonssenter for Murmansk oblast. Byen hadde i 2006 rundt 320 000 innbyggjarar. Byen er viktig med ei isfri hamn som gjev Russland fri tilkomst til Atlanterhavet, både sivilt og militært. Den russiske marinen har ein større flåte med atomubåtar i nabobyen Severomorsk. I sjølve Murmansk finst det ingen krigsskip.

Murmansk
Мурманск
Hamna i Murmansk
Hamna i Murmansk
Hamna i Murmansk
Flagget til Murmansk Byåpenet til Murmansk
Flagget til Murmansk Byvåpenet til Murmansk


Plassering
Murmansk is located in Russland
Murmansk is located in Murmansk oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Murmansk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1916
1916
Geografi
Flatevidd
 - By

151 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

317 500
  2 102,6 /km²
Koordinatar 68°58′0″N 33°05′0″E / 68.96667°N 33.08333°E / 68.96667; 33.08333
Høgd over havet 46 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 183000–183075
Retningsnummer (tlf) (+7)8152
Nettstad: mun.gov-murman.ru/murmansk/

Byen vart grunnlagd i 1916 og fekk namnet Romanov-na-Murman, men vart omdøypt til Murmansk etter oktoberrevolusjonen i 1917. Murman er det gamle namnet på Barentshavet og på nordmenn. I dag er Murmansk ein moderne by, men som framleis er prega av kontrastene mellom Sovjettida og vår tid. Murmansk ligg ut mot Barentshavet som har rike ressursar særleg innan fiskeri. På 2000-talet er det store planer for utbygging av naturgassfelt i området.

Byen er delt inn i tre hovuddistrikt; Leninskij, Oktjabrskij og Pervomajskij.

Historie endre

Eldre tider endre

Ingen veit kor tid dei første menneska kom til Kolahalvøya, men ein kjenner til fleire folkegrupper som har innvandra til området seinare. Frå 500- til 200-talet f.Kr kom det stammer som etnisk var i slekt med Volga-stammene. Rundt 100 f.Kr. kom stammer som høyrte til finsk-ugriske grupper. Dei gamle og dei nye innbyggjarane blanda seg og eit oldtidssamefolk oppstod. Nordmenn kalla dei terfinnar etter namnet deira på Kolahalvøya, som var Ter. Ottar frå Hålogaland brukte dette namnet på samefolket her på 800-talet: «Heile dette landet er tomt og berre på nokre få plassar bur det 'terfinnar', som jaktar og fiskar». Kolalandet skal i ein periode ha vore hålogalandsk skattland, der hovdingar drog inn finneskatt frå samane.

Mellom 1100-talet og 1300-talet kom folk frå Novgorod-området nordover. Novgorod starta skattlegging av den samiske folkesetnaden og ein periode vart dei dobbelt skattlagt, men i 1251 vart styresmaktene einige om skattane. Midt på 1400-talet vart dei første russiske busetnadane oppretta på Terskkysten; Umba og Varzuga. Dei vart kalla pomorar (kystbuarar). Kommunikasjonen mellom samane og pomorane hadde innverknad på levemåten til samane.

Del av Moskvastaten endre

I 1478 vart Kola saman med resten av Novgorod-områda underlagt storfyrstedømet Moskva, med sentrum i Kandalaksja. Kristendommen vart innført og folkesetnaden auka i området. Om sommaren samla opp til to tusen fiskarar seg på halvøya, for sommarsesongfisket. Norske, danske og hollandske oppkjøpsfartøy vitja området på 1500-talet. Fiskarane sin busetnad vart på midten av 1500-talet kalla Kola og denne busetnaden utvikla seg til ein by, i 1582 var det 71 gardar og meir enn 400 menneske som budde her. Byen var sentrum for internasjonal handel i området, elles levde folk av fiske, lagerutleige og båtbygging og -reparasjonar.

På slutten av 1500-talet vart Kolahalvøya angrepet av Danmark, som ville hindre handelen med murmanarne. Området vart òg angripe av svenskar, som mellom anna plyndra og brente fleire kloster. I 1585 vart sentrum for den internasjonale handelen flytta til Arkhangelsk. Styresmaktene i Moskva stasjonerte ein forsvarsavdeling i Kola, i 1625 omfatta det 500 menn og ni kanonar. I tillegg til festningsby, vart Kola administrasjonssenter for området, som bestod av Kolahalvøya (utanom Umba og Varzuga) i tillegg til nordre del av Karelia.

Del av Det russiske imperiet endre

På 1700-talet vart det nedgangstider for Kolahalvøya, handelen vart monopolisert og avgrensa til få handelshus og grupper. Ei anna årsak var at klostera i området vart tildelt store landområde, til dømes hadde Petsjengaklosteret rundt ein fjerdedel av halvøya. I 1760-åra vart dette klosteret nedlagd og handelsmonopolet oppløyst.

I 1809 vart Kolahalvøya angripen av engelskmenn som tok fleire handelsfartøy, krut, mat og andre varer. Området vart òg angripe under Krimkrigen. I 1854 vart Kolahalvøya angripe på ny, denne gongen av engelskmenn og franskmenn. Byen vart sterkt skadd, Oppstandelseskyrkja og mange andre bygg vart brent.

I 1858 vart Kolahalvøya innlemma i distriktet Kemsk og all administrasjon på halvøya vart nedlagt. På 1860-talet vart den første fabrikken etablert og fleire kom etter kvart, mellom anna nokre sagbruk. På 1870-talet vart ei skipsrute etablert rundt halvøya, noko som vart viktig for vidare utvikling av området. Folk frå Kolahalvøya deltok òg i Pomorhandelen mellom folk frå Kvitsjøområdet og kysten av Nord-Noreg med fisk og korn som (bytte)handelsvarer. Denne handelen pågjekk fram til revolusjonen.

Murmansk vert grunnlagd endre

Under den første verdskrigen måtte Russland skaffe våpen og ammunisjon frå Storbritannia, Frankrike og USA og Murmansk vart vald som hamn for denne handelsflåten. Dette førte til ei forlenging av jernbanen frå Petrozavodsk til Murmansk, som starta i 1915 og vart ferdig året etter. Same år vart Nordishavsflåten, som bestod av trålarar, torpedobåtar og kryssarar, etablert på staden. Ved utbygginga av jernbanestasjonen og marinebasen, dukka det òg opp ein del bustader og byen vart kalka Romanov-na-Murman etter fyrstehuset Romanov (det russiske tsar-dynastiet) og tsar Nikolaj II. Han vart offisielt grunnlagt den 21. september 1916 (4. oktober ifølgje den nye kalenderen). 3. april 1917 vart byen omdøypt til Murmansk. Då var det kring 10 000 innbyggjarar i byen.

Revolusjon, borgarkrig og verdskrigar endre

Etter oktoberrevolusjonen i 1917 tok sovjetmakta over og dei vestlege nasjonalitetane som var i Murmansk på denne tida valde å handle med lokale styresmakter. Frå 1918 til 1920 var byen okkupert av mellom anna vestmaktene som hadde vore allierte under den første verdskrigen. Fiendtlege finske og tyske ubåtar i Barentshavet og styrkar i Nord-Finland trua. I 1918 gjekk sovjetmakta inn i ein fredsavtale med Tyskland. Murmansk vart skild frå Sovjetrussland og vart ein del av den antibolsjevikske nordregionen som hadde støtte frå vestmaktene og senter i Arkhangelsk. Dei allierte forlet Nord-Russland i 1919 og i 1920 vart sovjetmakta òg etablert i Murmansk.

Fram til den andre verdskrigen vart det bygt marinebaser og utvikla industri i Murmansk, hovudsakleg innan fiske, gruvedrift, metalurgisk og kjemisk industri. Folketalet auka.

Under det sovjetiske åtaket på Finland i 1939 hadde den russiske 14. arméen avsett tre divisjonar til Murmanskområdet. Oppgåva deira var å sikre heile kyststrekninga og ta den finske hamna Petsamo (mellom Sovjetunionen og Noreg), som var Finland si hamn mot Barentshavet. Slik skulle ein hindre at statar som eventuelt ville kome for å hjelpe finnane skulle sende troppar og utstyr inn i Finland frå nord. Finnane beit særs godt frå seg under Vinterkrigen og sjølv om Petsamo vart inntatt, vart ikkje finnane drive lengre vestover enn til Enaresjøen.

Etter at Sovjetunionen i 1941 kom med i den den andre verdskrigen vart Murmansk sentral i den sovjetiske krigsorganisasjonen, ettersom han var hovudhamn for forsyningar frå vestmaktene Storbritannia og USA.

Det segla til saman ikkje mindre enn 78 konvoiar mellom august 1941 og mai 1945 (skjønt med to avbrot). Mange av konvoiane gjekk til Murmansk og hamnene omkring, enkelte andre gjekk vidare til Kvitsjøen.

 
Mynt til ære for Murmansk sin status som «Helteby».

Tyske styrkar rykte fram mot Murmansk i 1941, men møtte sterk motstand. Av grunner som ein i ettertid har vanskeleg for å forstå, meinte den tyske overkommando at det ikkje ville vere mogeleg å angripe med større styrkar enn dei gjorde; dei meinte at ein ikkje ville klare å forsørgje dei langs lange og ugjestmilde forsyningslinjer. Dette medverka til at den tyske offensiven vart stansa før han nådde Murmansk, i Litsadalen. Sjølv då tyskarane kutta den vitale karelske jernbanelinja mellom Kolahalvøya og det øvrige Russland, greidde dei ikkje å erobre byen. Tyskarane bomba Murmansk og store delar av byen vart øydelagd. Avhengig av vêrtilhøva kunne bombeåtaka finne stad nesten dagleg, særleg i dei periodane då allierte forsyningsskip låg til kai.

Den murmanske motstanden vart heidra av Sovjetunionen i 1985 og byen Murmansk fekk ærestittelen Helteby.

Trass i dei store personlege oppofringane dei allierte sjøfolka kom med under denne konvoifarten, kunne ein alltid merke Stalin sin paranoide årvakenheit mot vestleg påverknad. Den eine restauranten og den eine vesle klubben som sjøfolka kunne vitja under sine opphald i hamna, var forbode område for den russiske bybefolkninga. Dei russiske servitrisene vart heile tida halde nøye auge med av uniformerte menn.

Etterkrigstid endre

 
Russisk atomdriven ubåt.

Etter krigen starta gjenoppbygginga av Murmansk og industrien vart utvikla vidare. I slutten av 1940-åra vart det etablert jernverk og aluminiumsverk i området. Nye fabrikktrålarar vart teke i bruk innan fiskeindustrien. Vasskraftverk og seinare atomkraftverk vart etablert på 50- og 60-talet, bustadbygginga tok seg òg opp.

På slutten av 70-talet vart tidene meir pessimistiske, fisket vart regulert på grunn av overfiske og laksen forsvann frå elvene. Det vart mangel på råvarer og belastninga på miljøet vart stort. Frå 1985 utvikla det seg ein ny industri basert på olje og gass og i 1991 vart Murmanskregionen igjen ein av dei viktigaste industrielle sentera i Russland. I tillegg er Kolahalvøya eit viktig område for forsvaret av den russiske føderasjonen. Under den kalde krigen var Murmansk sentrum for ubåtaktiviteten til Sovjetunionen og etter at unionen vart oppløyst er byen framleis hovudkvarter for den russiske nordflåten i tillegg til flåten med atomdrivne isbrytarar. Krisen etter oppløysninga av Sovjetunionen har likevel råka Murmansk hardt og byen har sidan 1989 mista om lag ein tredjedel av innbyggjarane.

Klima endre

Klimatabell
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temperatur (°C) −7,2 −7,3 −3,3 1,9 7,2 14,0 17,2 15,2 9,6 2,9 −2,0 −5,3 3,7
Normal min. temperaur (°C) −13,8 −13,4 −9,8 −4,4 0,6 5,7 8,8 8,0 4,3 −1,2 −7,0 −11,4 −2,7
Nedbørsnormal (mm) 30 22 19 20 30 53 61 65 53 44 40 36 473
Kjelde: Pogoda.ru.net

Næringsliv endre

Hamna endre

Murmansk er ein maritim by og har den einaste nordrussiske hamna som er isfri heile året. Her er ei handelshamn som vart grunnlagt i 1915, ei fiskehamn grunnlagd i 1934, den første russiske trålarflåten 1920, isbrytarflåten og mange bedrifter tilknytte den marine bransjen, som til dømes Murmansk Shipping Company. Hovudindustrien omfattar fiske, fiskeforedling og næringsmiddelindustri, skipsreparasjonar, transport og geologi.

Turisme endre

Turistnæringa tilbyr aktivitetar som laksefiske, skisport, arktiske turar med isbrytarar til Nordpolen og økologiske fisketurar. Det er meir enn ti hotell i Murmansk. Området vert betjent av Murmansk lufthamn ved Murmasji.

Utdanning og forsking endre

Dei viktigaste utdanningsinstitusjonane er Murmansk Statlege Tekniske Universitet (MSTU) og Murmansk Statlege Pedagogiske Universitet (MSPU). Av forskingsinstitusjonar finn ein Det polarvitskaplege forskingsinstituttet for fiskeindustri og oseanografi (PINRO), Murmansk Marinbiologiske institutt av det russiske vitenskapsakademi (MMBI), Polar geofysiske institutt og Kola vitskaplege senter av det russiske vitenskapsakademi.

I tillegg finst det andre akademiske institusjonar; Murmansk maritime fiskerihøgskule, Kooperativ teknisk skole, Murmansk høgskule for økonomi, statistikk og informatikk, Murmansk musikkhøgskule, Murmansk lærarhøgskule og Murmansk medisinske høgskule.

Kultur endre

 
Lenin Prospekt, hovudgata i Murmansk

Nasjonal og internasjonal viktig er helleristingane frå andre til fjerde tusenår f.Kr. ved elva Ponoj og ved breidda av innsjøen Kanozero, som viser at det har budd menneske lenge på Kolahalvøya. I dei gamle pomorlandsbyane Varzuga og Kovda finst det trearkitektur og gravstader frå 1600-talet. I tillegg er kolasamane og pomorane sine folketradisjonar originale og viktige.

Det er tre teater i Murmansk; Det regionale dramateateret, Nordflåtens teater og Det regionale dukketeatershow. Det er meir enn 80 museum i Murmanskområdet. Murmansk regionale museum for lokalkunnskap fortel om minerala i området, nordleg taiga og tundra, hava omkring og historia i området. Murmansk regionale kunstmuseum er eit av dei yngste i Russland, grunnlagt i 1989. Museumet rettar seg hovudsakleg mot nordrussiske tema og verk av nord- og vestrussiske kunstnarar. Nordflåtens marinemuseum fortel om opprettinga av den russiske flåten i nord, om Nordflåten, krigsdeltaking og utviklinga av flåten i etterkrigstida. I tillegg finst det fleire kommunale museum, mellom anna i Kirovsk (det eldste) og i Poljarnij.

Nordflåten har fleire kulturtilbod enn teateret (som er det eldste på Kolahalvøya) og musumet. I dag består tilbodet av 50 kulturinstitusjonar, 130 bibliotek, fleire museum, militærkorps og musikkgrupper.

Murmansk er òg sete for bispedømmet Murmansk og Montsjegorsk i den russisk-ortodokse kyrkja.

Venskapsbyar endre

Sjå òg endre

Litteratur endre

  • S.G. Holtsmark. Fra periferi til krigsteater. Nordområdene i sovjetisk militær tenkning i mellomkrigstiden. pdf

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Murmansk

Kjelder endre