Murter er ei øy i Adriahavet utanfor kysten av Kroatia og Dalmatia, i øygruppa utanfor byen Šibenik. Den største landsbyen på øya heiter òg Murter, og ligg nord på øya.

Murter
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 43.80° N 15.62° E
Øygruppe Šibenik

Areal 18,7 km²

Høgaste punkt Raduč (125 moh.)

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Šibenik-Knin
Største busetnad Murter (2 010 innb.)

Demografi
Folketal 5 192 (2006)

Den vesle landsbyen Betina ligg på nordvest sida av øya, medan Jezera og Tisno ligg på nordaustsida. Øya hadde i 2006 5 192 innbyggjarar, medan landsbyen hadde eit innbyggjartal på 2 010. 97,6 % av innbyggjarane er kroatar.

Geografi endre

 
Brua til fastlandet ved Tisno

Øya ligg nordvest i øygruppa utanfor Šibenik, og berre 20 meter frå fastlandet ved Tisno, der det går ein 20 meter brei kanal. Ei 37 meter lang klaffebru strekkjer seg over kanalen. Øya har eit areal på 18,7 km², og det høgaste punktet er Raduč med 125 meter over havet.

Den sørvestlege sida av øya er bratt med fleire viker med sandstrender innimellom. Øya har òg fleire steinstrender.

Historie endre

Øya har vore busett i nesten 2000 år. Ein illyrisk-romersk busetnad kalla Colentum vart grunnlagd nær Betina. Dokument viser at Murter vart kalla Villa Magna i 1293, som tyder «stor landsby». På 1200-talet er det dokumentert to busetnadar på øya, Jezera og Veliko selo (no Murter), og øya vart nemnd i 1318 som Insula Mortari. Betina og Tisno vart mest sannsynleg grunnlagd på 1400-talet då osmanarane gjekk til åtak på området. Folketal på øyane auke då folk rømde frå tyrkarane.

Bakgrunnsstoff endre