Musica reservata (av latin reservare; «reservert» i tydinga «eksklusiv»; òg musica secreta) er eit uformelt omgrep som blir nytta om ein a cappellastil og oppføringspraksis frå den andre halvdelen av 1500- og tidleg 1600-tal som er særmerkt av raffinement, eksklusivitet og eit intenst emosjonelt uttrykk. Stilen blei dyrka av kjennarar og musikkelskarar, hovudsakleg i Italia og Sør-Tyskland.

Omgrepet er henta ut frå spreidde kjelder med formuleringar som «musicam illam, quam vulgo reservatam iactitant» eller «ut fiat, quam vocant musicam reservatam» og det finst ingen eintydig definisjon, men stilen innbar:

  • bruk av kromatiske progresjonar og stemmeføring, trekk som kom på moten i 1550-åra og som blei brukt både i madrigalar og motettar.
  • ein særeigen oppføringspraksis, kanskje karakterisert av ornamenikk og andre emotive verkemiddel.
  • bruk av tonemåleri, dvs. spesifikke musikalske figurar som var kjende for tilhøyrarane og som blei brukt for å illustrere einskilde ord i teksten.
  • at musikken var skriven for oppføring av små grupper musikkjennarar for ein liten, eksklusiv krets av i all hovudsak adelege og rike borgarar.

Mange tekstar var skrivne av oppdragsgjevar eller komponist, men dei fleste stammar frå populære diktarar som Boccaccio, Bembo og Michelangelo. Tematikken var variert og kunne vere geistleg, verdsleg, frivol, komisk eller pastoral.

Det er vanskeleg å plassere enkeltverk i kategorien Musica reservata, då det meir er snakk om tilhøva verka blei til og oppført under og miljøet det skjedde i enn om ei stilretning eller ein skole. Musica reservata blei like fullt stildannande og bidrog i stor grad til utviklinga av musikken i renessanse og tidleg barokk.

Viktige komponistar er Nicola Vicentino, Jakob Arcadelt, Adriano Banchieri og Philipp de Monte, men den fremste er Orlando di Lasso. Dei kromatiske madrigalane og motettane til den noko seinare Carlo Gesualdo syner trekk som peikar attende til musica reservata.

Litteratur endre

  • Gustave Reese, Music in the Renaissance. New York, W.W. Norton & Co., 1954. ISBN 0-393-09530-4
  • Artikkelen «Musica reservata» i The New Grove Dictionary of Music and Musicians, red. Stanley Sadie. 20 vol. London, Macmillan Publishers Ltd., 1980. ISBN 1-56159-174-2
  • Harold Gleason og Warren Becker, Music in the Middle Ages and Renaissance (Music Literature Outlines Series I). Bloomington, Indiana. Frangipani Press, 1986. ISBN 0-89917-034-X

Sjå også endre