Musikal

musikkteaterform

Musikal, også kalla musical og musikkteater, er ei dramaform som kombinerer song, dans og tale dialog. Ho er nært slekta med opera og operette. All musikk i ein musikal brukar vanlegvis å vere nedskrive i eit partitur (på engelsk score), medan replikkane finst i eit manus (på engelsk book).

Musikalar blir skrivne og spelte over heile verda, men teatera på Broadway i New York og i West End i London dominerer framleis.

Den moderne musikalen har utspringet sitt i eldre former for musikkteater, til dømes liturgiske drama innan kyrkja, og sjølvsagt operaen. Musikalen er og påverka av diverse varietèforestillingar og trubadurar sine framføringar av musikk og drama. Musikalen si utvikling vart tydeleg påverka av ulike typar populærmusikk. Sidan denne forma for musikkteater i stor grad utvikla seg i byrjinga av førre hundreåret, var musikken i dei tidlege musikalane påverka av jazz, ragtime og den populære romansesongen. Musikalen hadde mange ulike namn før han fekk den forma me ser i dag. Før 2. verdskrigen kunne ein sjå namn som; musikalsk komedie, musikalsk romanse, musikalsk spel, - farse.

Sjangeren har utvida seg i løpet av 1900-talet. Tidleg i hundreåret handla musikalane for det meste om idealiserte, elegante og moderne menneske og livssituasjonar. Ein kan sjå ei endring frå lett underhalding i musikalske komediar til spel med sosiale kommentarar og symbolske og psykologiske poeng.

London sin West End og New York sin Broadway var og er hovudsenter for musikalframføringar. Den engelske stilen er tradisjonelt sett forankra i operettetradisjonen. Utviklinga av den amerikanske musikalen var ein del av amerikanarane si jakt på ein eigen kulturell identitet. Den musikalstilen som utvikla seg der, vart ei blanding av dei kulturane det amerikanske samfunnet var sett saman av.

Mellomkrigstida sin økonomiske framgang sette fart på kulturlivet i kultursenteret New York. Det var hard konkurranse for å få sett opp stykka sine, og det ein produserte måtte halda eit høgt nivå.

Musikalfilmen kom med lydfilmen på 1920-talet. Jazzsongaren (1927) var den fyrste filmen som slo igjennom med synkroniserte lydsekvensar som var dominerte av songaren Al Johnsons songprestasjonar. Med musikalfilmen kom den amerikanske stjernekulturen for fullt. Det vart vanleg å skriva musikalar for bestemte skodespelarar, så dei skulle få visa seg fram frå frå si beste side. Stjerner som Fred Astaire, Bob Hope og Ethel Merman var med i desse musikalfilmane. Ein av dei som komponerte musikk til slike filmar var Cole Porter. Han var fødd rik, og hadde fått kunnskap om etikette og finkultur med morsmjølka. Det gjorde han populær hjå den amerikanske overklassen. Fleire av songane hans har overlevd som jazz-standardar (T.d. «Night and day»).

1950-talet: Den var den amerikanske musikalen som dominerte i denne perioden og vart norma ei tid framover. Det var ei følgje av at musikk og handling vart integrerte. Ein skulle ikkje lenger nødvendigvis stoppa opp rørsle på scenen for å synga, men la songen og songaren verta ein meir integrert del av dramaet. Richard Rodgers og Oscar Hammerstein var dei mest produktive forfattarane ( i tillegg var dei produsentar og regissørar) av denne typen musikalar. Den mest kjende musikalen deira er kanskje The Sound Of Music som kom i 1959. Leonard Bernstein, Arthur Laurents, Jerome Robbins og Stephen Sondheim skapte ein sentral musikal med West Side Story i 1957. Han var ikkje så populær hjå publikum då han var ny, men fekk mykje skryt for koreografi og musikk. I dag er West Side Story ein av verdas mest populære musikalar.

Med rocken kom rockemusikalen. Musikalen Hair hadde premiere i 1968. Den skilde seg radikalt frå den integrerte musikalen med delar av tema, karakterar og musikk psykedelisk blanda. Ein ser igjen at kunsten til ei kvar tid speglar samfunnet han er skapt i; Hair var kontroversiell, med referansar til hippiekulturen og vietnamkrigen. Andrew Lloyd Webber og Tim Rice gav ut Jesus Christ Superstar på plate i 1970. Han vart oppført som musikal på Broadway året etterpå. Han var delt inn i tydelege akter og nummer, utan nokon talt dialog. Musikken styrte handlinga i staden for å verta integrert i ho.

Konseptmusikalen: Medan pop og kommersiell produksjon hadde vorte populært i dei europeiske musikalmiljøa, passa ikkje dei nye amerikanske musikalane for pop-publikumet. Konseptmusikalane er bygde opp kring eit tema heller enn ei dramatisk handling. Komponistane Fred Ebb og John Kanders skreiv musikalar som Cabaret (1966) og Chicago (1975). Ein annan musikal innan denne sjangeren er Company (1970)

Mega-musikalar: Lloyd Webber sin musikal Cats (1981) var tydeleg inspirert av den amerikanske konseptmusikalen. Cats sin spektakulære sceneteknikk, dekor og koreografi gjorde musikalen til førebilete for megamusikalen. Megamusikalen vert kjenneteikna av dyre produksjonar med kommersielt lansert musikk.

Ein annan megamusikal er den franske Les Miserables (1980). Den er skriven av Claude-Michel Schönberg og Alain Boublil, og er ei dramatisering av Victor Hugo sin roman med same namn. Det var produsenten bak Cats som stod for produksjonen av Les Miserables, og gjorde han til ein megamusikal. Ein annan kjend megamusikal er The phantom of the opera (1986) av Lloyd Webber.

Med utviklinga av megamusikalar i England hamna Broadway og den amerikanske musikalen i bakleksa. Musikalane som vart sette opp der på 1980-talet var ofte nostalgiske, som t.d. Annie (Charles Strouse og Martin Charnin 1977), eller nyoppsetjingar av gamle suksessmusikalar.

I byrjinga av 2000-talet vart det populært å laga musikalar kring musikken til kjende musikarar og band. Desse musikalane vart kalla Jukeboksmusikalar. Døme; Mamma Mia! (Abba), We will rock you (Queen) og All you need is love (Beatles).

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.