Musikkgruppa Status Quo

engelsk rockeband

Status Quo er eit engelsk rockeband som spelar boogierock. Gruppa vart skipa som The Scorpions av skulevenene Francis Rossi og Alan Lancaster i 1962.[1] Etter fleire besetningsendringar, der mellom andre Rick Parfitt kom inn i 1967, vart bandet kjent som The Status Quo i 1967 og berre Status Quo i 1969.

Status Quo

Dei fire lengstvarande medlemmane i bandet, frå venstre til høgre: Rick Parfitt, Francis Rossi, John «Rhino» Edwards og Andy Bown, i Colston Hall i Bristol den 15. november 2005
AliasThe Scorpions (1962–1963)
The Spectres (1963-1967)
Traffic Jam (1967)
The Status Quo (1967-1969)
Status Quo (sidan 1969)
OpphavLondon i England
AktivSidan 1962
SjangerHardrock, rock and roll, boogierock, psykedelisk rock (tidleg)
Tilknytte artistar
Plateselskap
Tidlegare medlemmerSjå: Bandmedlemmar

Dei hadde over 60 hittar på singellista i Storbritannia, meir enn noko anna rockeband,[2] inkludert «Pictures of Matchstick Men» i 1968, «Whatever You Want» i 1979 og «In the Army Now» i 1986 og 2010. Tjueto av desse nådde topp 10 på UK Singles Chart. I juli 1985 opna bandet Live AidWembley Stadium med «Rockin' All Over the World». I 1991 fekk Status Quo ein Brit Award for «Outstanding Contribution to Music».[3]

Status Quo spelte i sin første film, Bula Quo!, som kom på kino i juli 2013. Filmen kom samstundes med filmmusikkalbumet Bula Quo!, som nådde tiandeplassen på UK Albums Chart. Den første singelen frå albumet, «Bula Bula Quo», kom ut i juni 2013 og vart den 100. singelen dei gav ut.[4]

Quo har så langt selt kring 118 millionar plater verda over.[5]

Historie endre

1962–1968: Dei første åra endre

Status Quo vart skipa i 1962 med namnet «The Scorpions» av Francis Rossi og Alan Lancaster på Sedgehill Comprehensive School i Catford, i lag med klassekameratane Jess Jaworski (klaverinstrument) og Alan Key (trommer).[6] Rossi og Lancaster spelte den første konserten sin ved Samuel Jones Sports Club i Dulwich i London. I 1963 vart Key erstatta av John Coghlan og bandet endra namn til «The Spectres».[1][7] I 1965, då Rossi, Lancaster og Jaworski var ferdige på skulen, valde Jaworski å slutte i bandet og vart erstatta av Roy Lynes.[8]

Dei byrja å skrive sine eigne songar og seinare det året møtte dei Rick Parfitt, som spelte i eit kabaretband kalla The Highlights. Mot slutten av 1965, var Rossi og Parfitt blitt nære vener og dei ønskte å arbeide i lag. Den 18. juli 1966 signerte The Spectres ein femårsavtale med Piccadilly Records. Dei gav ut to singlar det året, «I (Who Have Nothing)» og «Hurdy Gurdy Man» (skriven av Alan Lancaster), og ein året etter kalla «(We Ain't Got) Nothin' Yet» (ein song opphavleg spelt inn av The Blues Magoos).[7] Ingen av singlane selde godt nok til å nå singellista.[1]

I 1967 hadde gruppa oppdaga psykedelia og kalla seg Traffic, men måtte etter kort tid endre namn til «Traffic Jam» for ikkje å bli forveksla med Steve Winwood sitt Traffic, etter ein krangel om kven som hadde registrert namnet først.[1] Bandet sikr seg ein spelejobb på BBC Radio-programmet Saturday Club, men i juni selde den neste singelen deira, «Almost But Not Quite There», dårleg. Månaden etter kom Parfitt inn i bandet, etter ønske frå manageren Pat Barlow, på rytmegitar og vokal. Kort tid etter Parfitt kom inn, i august 1967, vart bandet offisielt kalla The Status Quo.[9]

1968–1970: «Pictures of Matchstick Men» og dei psykedeliske åra endre

I januar 1968 gav bandet ut den psykedeliske «Pictures of Matchstick Men».[1] Rick Parfitt var invitert med i bandet akkurat då songen gjekk inn på UK Singles Chart, og nådde sjuandeplassen. «Matchstick Men» vart i tillegg den einaste topp 40-hitten deira i USA, der han nådde 12. plassen på Billboard Hot 100.[7] Sjølv om albuma til Status Quo kom ut i USA gjennom heile karrieren deira, fekk dei aldri den same suksessen der som dei fekk i heimlandet.[7] Sjølv om oppfølgjaren deira, «Black Veils of Melancholy», selde dårleg, fekk dei ein ny hit same året med ein popsong skriven av Marty Wilde og Ronnie Scott, «Ice in the Sun», som nådde åttandeplassen.[1] Etter gjennombrotet hyrte bandet Bob Young som scenearbeidar og turnémanager. I løpet av år vart Young ein av dei viktigaste låtskrivarpartnarane for Status Quo, i tillegg til at han spelte munnspel med dei på scenen og på plater.

1970–1981: Piledriver og Rockin' All Over The World endre

 
The «Frantic Four»-besetninga, venstre til høgre: Francis Rossi, Rick Parfitt og Alan Lancaster (skjult: John Coghlan) i Hammersmith Odeon i London, 1978

Etter et andre albumet deira, Spare Parts, selde dårleg, gjekk bandet bort frå psykedelia og Carnaby Street-motoen og byrja å spele hardrock og boogie i utvaska dongeribukser og t-skjorter, eit image som vart varemerke deira gjennom 1970-åra.[1] Lynes slutta i bandet i 1970 og vart erstta av gjesteartistar i studio som klaverspelaren Jimmy Horowitz og Tom Parker.[10] I 1976 vart det tidlegare The Herd, Judas Jump og Peter Frampton Band-medlemmet Andy Bown henta inn for å spele klaverinstrument, men han vart verande på kontrakt som soloartist med EMI og vart ikkje rekna som offisielt medlem av Status Quo før 1982.

Etter to relativt mislukka album, Ma Kelly's Greasy Spoon og Dog of Two Head i 1970 og 1971, kom det store gjennombrotet deira då dei fekk kontrakt med det tyngre og meir progressive selskapet Vertigo.[7] Det første albumet deira for Vertigo, Piledriver, kom ut i 1972 og signaliserte ein enno tyngre og sjølvprousert stil.[1] Dette albumet danna i røynda den stilmessige malen for alle albuma deira fram til Blue for You i 1976.[7] Blant dei meir populære Quo-songane på denne tida finn ein «Paper Plane» (nr. 8 på den britiske singellista) (1972), «Caroline» (nr. 5 på den britiske singellista) (1973), «Break The Rules», (nr. 8 på den britiske singellista) (1974), «Down Down» (nr. 1 på den britiske singellista) (1975), «Rain» (nr. 7 på den britiske singellista) (1976), «Mystery Song» (nr. 11 på den britiske singellista) (1976), «Rockin' All Over the World» (nr. 3 på den britiske singellista) (1977) og «Whatever You Want» (nr. 4 på den britiske singellista) (1979). «Down Down» gjekk heilt til topps på UK Singles Chart i januar 1975 og vart den einaste singelen deira som klarte å nå toppen av lista.[11] I 1976 signerte dei ein banebrytande sponsoravtale med Levi's.[1]

Frå 1977 og frametter vart stilen til bandet meir polert då dei byrja å bruke produsentar utafor bandet. Desse var mellom andre Pip Williams, Roger Glover og John Eden. Glover var den første produsenten deira utafor sidan Pye-produsenten John Schroeder tidleg i 1970-åra the early 1970s, and produced «Wild Side of Life» and its B-side «All Through The Night» in 1976.

TittelsporetRockin' All Over the World vart ein liten hit for låtskrivaren John Fogerty (tidlegare i Creedence Clearwater Revival) og vart ein av dei mest kjende songane til Status Quo.[1]

1981–1991: Besetningsendringar, Live Aid og In The Army Now endre

Kranglingar i bandet førte til at Coghland slutta i bandet seint i 1981.[7] Erstattaren hans kom inn tidleg året etter og var Pete Kircher frå 60-talsbandet Honeybus.[7] Det var på denne tida at Andy Bown offisielt var med i bandet. Sjølv om bandet hadde kontrakt for to album til, spelte denne besetninga den siste fulle konserten sin 21. juli 1984 i Milton Keynes Bowl. «Alle var fulle av kokain og hata kvarandre», har Rossi fortalt seinare, «og med byrja å drikke tequila på den turneen. Eg hugsar ikkje konserten i det heile tatt, - verken ekstranummera eller noko som helst; berre at eg på eit tidspunkt fall på rygg.»[12]

Den siste konserten til Status Quo med Kircher-besetninga opna heile Live Aid-konserten på Wembley Stadium i juli 1985. Det året spelte Rossi inn og gav ut to solosinglar med låtskrivarpartnaren Bernie Frost. Parfitt spelte inn eit soloalbum, Recorded Delivery med bassisten John «Rhino» Edwards og trommeslagaren Jeff Rich. Albumet kom aldri ut, men somme av songane vart omarbeidd og gjeve ut sporadisk som B-sider for Status Quo fram til 1987.

I midten av 1985 byrja Rossi, Parfitt og Bown, i lag med Edwards og Rich, å arbeide på eit nytt Quo-album. Lancaster – som på denne tida meir eller mindre hadde slått seg ned i Australia – gjekk til retten for å få stoppa bandet frå å bruke namnet Status Quo, på grunn av aukande musikalske skilnader, mellom anna under innspelinga av Back to Back i 1983. Den spesifikke striden omhandla to spor som vart hitta for gruppa på den tida. Lancaster hadde skrive «Ol' Rag Blues», men vart sint då produsentane valde å gje ut ein versjon med Rossi på solovokal i staden for ein versjon han song sjølv. Søksmålet hindra òg utgjevinga av ein singel, «Naughty Girl», som det fanst eit katalognummer på Vertigo for.

Saka vart løyst utafor retten i januar 1986 slik at Quo kunne halde fram å spele inn In the Army Now, der «Naughty Girl» vart omarbeidd til «Dreamin'». Lancaster vart verande i Australia og byrja i 1986 å spele i supergruppa The Party Boys, med Angry Anderson frå Rose Tattoo, John Brewster frå The Angels og Kevin Borich, men fekk lite suksess utafor Australia. Lancaster slutta formelt i Status Quo i 1987.

I 1986 varma Quo opp for Queen på Magic-turneen deira. Det suksessrike In the Army Now kom ut seinare på året. Tittelsporet vart ein av dei største hittane deira i Storbritannia og nådde andreplassen på den britiske singellista.[1] Det neste albumet, Ain't Complaining, i 1988, vart ikkje like populært, men gav dei hitten «Burning Bridges» som nådde femteplassen. Songen vart spelt inn med ny tekst i april 1994 med Manchester United F.C. som «Come On You Reds», og denne singelen gjekk til topps på singellista, men vart då tilskriven 'by Manchester United'.

1991–2010: Rock 'Til You Drop, «Fun, Fun, Fun» og turnering endre

Første halvdel av 1990-åra falt salstala for bandet. For å marknadsføre albumet Rock 'Til You Drop (1991) heldt Quo fire arenakonsertar på forskjellige stader i Storbritannia i løpet av ein enkelt dag, som gav dei ein plass i Guinnes rekordbok. I 1994 kom albumet Thirsty Work med ein versjon av Jennifer Warnes-songen «I'm Restless», som vart ein alternativ og lettare stil for bandet.[1] Don't Stop (1996) og Famous in the Last Century (2000) bestod nesten berre av coverlåtar (med unntak av tittelsporet på sistnemnde). Førstnemnde gav dei ein liten hit med ein versjon av Fleetwood Mac sin «Don't Stop» og The Beach Boys sin «Fun, Fun, Fun». Bandet hamna i ein krangel med Radio 1 etter at stasjonen nekta å ta med «Fun Fun Fun» på spelelista til radiostasjonen..[1]

Parfitt gjekk gjennom ein hjarteoperasjon i 1997, men var klar att på scenen tre månader etter operasjonen.

Rich slutta i 2000 og vart erstatta av Matt Letley. Andrew Bown tok òg eit år fri etter at kona hans døydde, og vart mellombels erstatta på scenen av Paul Hirsh, tidlegare frå Voyager.

I 2005 deltok Rossi og Parfitt i den såpeoperaen Coronation Street der dei vart saksøkt av ein dagdrivar Les Battersby og måtte spele i bryllaupet hans som kompensasjon. I desember 2005 vart det kjend at Parfitt gjennomgjekk testar for strupekreft. Alle dei påfølgjande konsertane i Storbritannia vart avlyste. Det viste seg derimot at svulsten var godarta og han vart fjerne med suksess. I mai 2006 var Parfitt frisk att og vende attende til bandet, og dei heldt ein konsert i NEC Birmingham som var den 40. konserten deira der. Konserten vart filma og gjeven ut på DVD, kalla Just Doin' It.

1. juli 2007 spelte dei føre 63 000 folk på nye Wembley stadion som ein del av Concert for Diana.

Det 28. studioalbumet deira In Search of the Fourth Chord, kom ut på bandet sitt eige Fourth Chord i september 2007. Det var produsert av Pip Williams, som hadde arbeidd med Quo i studio sidan 1977.

I 2008 samarbeidde dei med den tyske technogruppa Scooter om å spele ein jumpstyle-versjon av singelen «Whatever You Want» frå 1979, kalla «Jump That Rock (Whatever You Want)».[13] I desember 2008 gav dei ut de 75. singelen sin og den første julesingelen, kalla «It's Christmas Time», som nådde 40. plassen i UK Singles Chart.[14]

2010–2013: Hello Quo, «Frantic Four»-turneane og Bula Quo! endre

Rossi og Parfitt fekk begge Order of the British Empire i 2010 for dei musikalske tenestene sine.

Classic Rock rapporterte i mars 2010 at bandet hadde betra forholdet til Alan Lancaster, og at dei diskuterte høvet for eit framtidig samarbeid.[15] Den 20. september 2010 fekk Status Quo ein PRS for Music-plakett til minne om den første konserten deira på Welcome Inn in Well Hall Road i Eltham, der dei spelte første gangen i 1967.[16]

Det 29. studioalbumet deira, Quid Pro Quo, kom ut ei luksusutgåve som berre vart seld på Tesco den 30. mai 2011. Den vanlege utgåva vart seld andre stader frå 7. juni. Albumet nådde 10. plassen på den britiske singellista.

I august 2011 byrja Status Quo å filme den første filmdokumentaren med filmregissøren Alan G. Parker. Filmen vart kalla Hello Quo! og byrja å gå på kino 22. oktober 2012. Filmen inneheld bidrag frå Brian May, Jeff Lynne, Cliff Richard, Joe Elliott, Paul Weller, Joe Brown, Jim Lea, Andy Scott og Steve Diggle.

I april 2012 annonserte Status Quo at dei var i gang med å filme den første filmen sin, over fleire veker på Fiji. Det var ein nitti minuttar lang komedie kalla Bula Quo! med Jon Lovitz, Craig Fairbrass og Laura Aikman i rollene.[17] Filmen vart regissert av Stuart St. Paul og produsert av Tim Major. Han hadde premiere 5. juli 2013. Bandet laga sjølv musikken til filmen og filmmusikkalbumet nådde 10. plassen på den britiske albumlista.

9. juli 2012 gav bandet ut singelen «The Winner» for sommar-OL 2012.

Besetninga frå 1970 til 1976 (Francis Rossi, Rick Parfitt, Alan Lancaster og John Coghlan) kom saman att i mars 2013 og spelte ei rekkje konsertar i Manchester, Wolverhampton, Glasgow og London. Den siste konserten på turneen, på Wembley Arena den 17. mars, vart filma og gjeven ut på DVD i september 2013. I mai 2013 vart Leon Cave ny trommeslagar i Quo.[17]

Sidan 2014 endre

 
På scena under Zeltfestival Rhein-Neckar, Tyskland, 2019.

I januar 2014 annonserte Wychwood Brewery at dei gav ut eit eige Status Quo-øl, kalla opp etter albumet deira frå 1972, Piledriver.

I oktober 2014 spelte Parfitt og Rossi på BBC-showet The One Show, der dei framførte ein akustisk versjon av «Pictures of Matchstick Men».[18]

Bandet fortsette å turnere, mellom anna frå våren til hausten 2016.[19] 'Last of The Electrics'-turneen strekte seg så inn i 2017.

28. oktober 2016 trekte Parfitt seg permanent frå å spele konsertar med bandet, etter å ha fått eit hjarteinfarkt tidlegre på året.[20][21] 24. desember det året døydde han på eit sjukehus i Marbella i Spania etter ein alvorleg infeksjon han fekk etter ein skade i skuldra.[22][23][24] Den irske gitaristen Richie Malone, som hadde vikariert for Parfitt i 2016, tok over plassen hans på rytmegitar.[25]

Medverkande endre

Medlemmar endre

Noverande medlemmar
  • Francis Rossi – sologitar, vokal (sidan 1962)
  • Andy Bown – klaverinstrument, rytmegitar, munnspel, vokal (sidan 1982)
  • John «Rhino» Edwards – bass, rytmegitar, vokal (sidan 1985)
  • Leon Cave – trommer, perkusjon, korvokal (sidan 2013)
  • Richie Malone – rytmegitar, korvokal (sidan 2016)

Tidlegre medlemmar
  • Alan Lancaster – bass, vokal (1962–1985; 2013–2014)
  • Jess Jaworski – klaverinstrument (1962–1965, død 2014)
  • Alan Key – trommer, perkusjon (1962–1963)
  • John Coghlan – trommer, perkusjon (1963–1981; 2013–2014)
  • Roy Lynes – klaverinstrument, vokal (1965–1970)
  • Rick Parfitt – rytmegitar, vokal (1967–2016 då han døydde)
  • Pete Kircher – trommer, perkusjon (1982–1985)
  • Jeff Rich – trommer, perkusjon (1985–2000)
  • Matt Letley – trommer, perkusjon (2000–2013)
Tidlegare konsertmedlemmar
  • Bob Young - munnspel (1970–1979; 2013–2014)
  • Paul Hirsh - klaverinstrument, rytmegitar, munnspel (2000-2002)
  • Freddie Edwards - rytmegitar (2016)

Tidslinje endre

Besetningar endre

1962–1963
(The Scorpions)
1963–1965
(The Spectres)
1965–1967
(The Spectres / Traffic Jam)
1967–1970
(Traffic Jam / Status Quo)
  • Francis Rossi – sologitar, vokal
  • Alan Lancaster – bass, vokal
  • Jess Jaworski – klaverinstrument
  • John Coghlan – trommer, perkusjon
  • Francis Rossi – sologitar, vokal
  • Alan Lancaster – bass, vokal
  • Roy Lynes – klaverinstrument, vokal
  • John Coghlan – trommer, perkusjon
  • Francis Rossi – sologitar, vokal
  • Rick Parfitt – rytmegitar, vokal
  • Alan Lancaster – bass, vokal
  • Roy Lynes – klaverinstrument, vokal
  • John Coghlan – trommer, perkusjon
1970–1981
(Klassisk besetning)
Turnear 2013 og 2014
1982–1985 1985–2000 2000–2013
  • Francis Rossi – sologitar, vokal
  • Rick Parfitt – rytmegitar, vokal
  • Alan Lancaster – bass, vokal
  • John Coghlan – trommer, perkusjon
  • Francis Rossi – sologitar, vokal
  • Rick Parfitt – rytmegitar, vokal
  • Alan Lancaster – bass, vokal
  • Andy Bown – klaverinstrument, rytmegitar, munnspel, vokal
  • Pete Kircher – trommer, perkusjon
  • Francis Rossi – sologitar, vokal
  • Rick Parfitt – rytmegitar, vokal
  • John «Rhino» Edwards – bass, vokal
  • Andy Bown – klaverinstrument, rytmegitar, munnspel, vokal
  • Jeff Rich – trommer, perkusjon
  • Francis Rossi – sologitar, vokal
  • Rick Parfitt – rytmegitar, vokal
  • John «Rhino» Edwards – bass, vokal
  • Andy Bown – klaverinstrument, rytmegitar, munnspel, vokal
  • Matt Letley – trommer, perkusjon
2013–2016 Sidan 2016
  • Francis Rossi – sologitar, vokal
  • Rick Parfitt – rytmegitar, vokal
  • John «Rhino» Edwards – bass, vokal
  • Andy Bown – klaverinstrument, rytmegitar, munnspel, vokal
  • Leon Cave – trommer, perkusjon
  • Francis Rossi – sologitar, vokal
  • Richie Malone – rytmegitar
  • John «Rhino» Edwards – bass, vokal
  • Andy Bown – klaverinstrument, rytmegitar, munnspel, vokal
  • Leon Cave – trommer, perkusjon

Diskografi endre

Kjelder endre

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 Roberts, David (1998). Guinness Rockopedia (1st utg.). London: Guinness Publishing Ltd. s. 417. ISBN 0-85112-072-5. 
  2. «Status Quo hold UK singles record». BBC News. 19. september 2005. Henta 14. februar 2009. 
  3. «1991 – Outstanding Contribution to Music Award – Status Quo» Arkivert 8. mars 2014 ved Wayback Machine.. Brits.co.uk. Henta 1. oktober 2018
  4. «Status Quo celebrate release of their 100th single 'Bula Bula Quo'». The Independent. 10. juni 2013. Henta 10. juni 2013. 
  5. «Quo Facts». Statusquo.co.uk. Arkivert frå originalen 26. desember 2009. Henta 1. oktober 2018. 
  6. Young, Bob (2000). Status Quo: Just Doin' It! (1st utg.). London: Cassell Illustrated. s. 27. ISBN 1-84403-562-X. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 7,7 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 927–929. ISBN 1-84195-017-3. 
  8. «QUOTICKER - Year review 1965». Quoticker.de. Henta 1. oktober 2018. 
  9. «QUOTICKER - year review 1967». Quoticker.de. Henta 1. oktober 2018. 
  10. «QUOTICKER - year review 1970». Quoticker.de. Henta 1. oktober 2018. 
  11. Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 164. ISBN 0-85112-250-7. 
  12. Ling, Dave (January 2002). «Again again again…». Classic Rock #36: 69. 
  13. «Home». Scootertechno.Com. 22. oktober 2013. Henta 2. oktober 2018. 
  14. «The Official Site». Status Quo. Henta 2. oktober 2018. 
  15. «Quo Kiss And Make Up With Former Bassist | News, Top Posts | Classic Rock». Classicrockmagazine.com. 17. mars 2010. Henta 2. oktober 2018. 
  16. «Status Quo black plaque in London». Openplaques.org. 20. september 2010. Henta 21. mai 2013. 
  17. 17,0 17,1 «Status Quo Add Drummer Leon Cave To Band Line-up». Bravewords.com. Henta 2. oktober 2018. 
  18. «BBC One - The One Show, 20/10/2014». BBC. Henta 2. oktober 2018. 
  19. «Last chance to see Status Quo in Somerset, after they announced they will quit at end of the year». Western Daily Press. 27. januar 2016. Arkivert frå originalen 2. oktober 2018. Henta 2. oktober 2018. 
  20. «Rick Parfitt quits performing with Status Quo for good - BBC News». Bbc.co.uk. Henta 2. oktober 2018. 
  21. «Status Quo - Further to various previous announcements and...». Facebook. 28. oktober 2016. Henta 2. oktober 2018. 
  22. «Rick Parfitt, Status Quo gitarist, dies in Spain at 68». Global News (på engelsk). Henta 8. juli 2017. 
  23. «R.I.P. Status Quo’s Rick Parfitt, the Man Who Changed How I Hear Rock». Observer (på engelsk). 5. januar 2017. Henta 8. juli 2017. 
  24. «Status Quo's Rick Parfitt dies aged 68». BBC News. 1. januar 1970. Henta 24. desember 2016. 
  25. «Status Quo». statusquo.co.uk. February 2017. Arkivert frå originalen 28. april 2017. Henta 26. februar 2017. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Musikkgruppa Status Quo