Musken

grend i Hamarøy i Nordland

67°53′27.672″N 16°12′31.000″E / 67.89102000°N 16.20861111°E / 67.89102000; 16.20861111

Musken
Foto: Helge Høifødt
Utsikt over Hellemofjorden frå Musken.
Foto: Helge Høifødt

Musken (lulesamisk: Måsske) er ei bygd i Hamarøy kommune i Nordland. Den ligg midtvegs inne i den lange og smale Hellmofjorden, som er ei arm av Tysfjorden. Staden ligg ikkje langt frå Hellmobotn, der Noreg sør for Finnmark er på sitt smalaste. Frå Hellmobotn er det berre seks kilometer over til Sverige.

Bygda hadde i 2003 over 90 innbyggjarar, men i 2013 er talet rundt 40.[1] Musken skule, som berre hadde tre elevar ved skolestart i august 2009, er no lagt ned. Skula var ved sida av Drag skole, òg i Tysfjord, den einaste skula i Noreg som underviste i lulesamisk som språk. Staden har snøggbåtsamband til Drag. Musken har i dag eit av Noregs få ordinære postopnerier. Musken har per 2013 ikkje vegsamband, men eit forprosjekt for vegtilknyting er gjennomført.[2] Det vert òg arbeidd for å få realisert eit vasskraftverk i Musken.[1]

Noregs djupaste grotte[3] Råggejávrrerájgge, ligg like ved Musken. Grotta er 597 m dyp.

Kjelder endre