Mustafa Kemal Atatürk

Mustafa Kemal Atatürk (Kemal Paşa), i Noreg òg kjent som Atatyrk (12. mars 188110. november 1938) var grunnleggjaren av den tyrkiske republikken og den første folkevalde presidenten i Tyrkia. I moderne tyrkisk historie vert Atatürk gjerne også rekna for å vere den største reformisten og tyrkiske helten.

Mustafa Kemal Atatürk

Fødd1881
Thessaloníki
Død10. november 1938 (57 år)
Statsborgar avTyrkia, Det osmanske riket
Yrkepolitikar, offiser, statsmann, skribent, revolusjonær, arméoffiser
Utdanna vedTurkish Military Academy
Monastir Military High School
Ottoman Military College
MorZübeyde Hanım
FarAli Rıza Efendi
EktefelleLatife Uşşaki
BarnSabiha Gökçen, Ülkü Adatepe, Abdurrahim Tuncak, Afet İnan, Zehra Aylin, Rukiye Erkin, Nebile İrdelp, Sığırtmaç Mustafa
MedlemVatan ve Hürriyet
Committee of Union and Progress
Alle verv
  • Tyrkias president (1923–1938)
  • medlem av Tyrkias store nasjonalforsamling
  • İcra Vekilleri Heyeti Reis (1920–1921)
  • Tyrkias statsminister (1920–1921) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke endre

Atatürk vart fødd i Selanik (Thessaloníki i dagens Hellas, den gong ein del av Det osmanske riket) den 12. mars 1881.

Statsleiar endre

Mustafa Kemal Atatürk var ein dyktig militærleiar og nasjonalistisk talsmann, som samla folket og kjempa tappert mot grekarane og engelskmennene under og rett etter den første verdskrigen. Kort tid etter starta han ei tyrkisk nasjonalistisk rørsle i Ankara. Han fekk Sevresfreden revidert til Tyrkia sin fordel, avsette sultanen i 1922 og vart vald til president i 1923. Sjølv om han var ein truande og praktiserande muslim, let han kalifatet verte oppløyst og gjorde Tyrkia til eit sekulært land. Han likte islam som ein religion, men meinte at islam og andre religionar ikkje måtte blandast inn i politikk. For å verte kvitt arabisk, persisk og europeisk påverknad, bytta han det arabiske alfabetet med ei tyrkisk utgåve av det latinske alfabetet og han skifta tidlegare daglegdagse arabiske ord og uttrykk ut med tyrkiske ord. Han fekk bygd mange jernbanar, vegar, skular og forskingssenter og på mange måtar moderniserte han Tyrkia. Ankara, i kjernen av Tyrkia, vart den nye hovudstaden i republikken.

Atatürk var ein særs spesiell mann. På sitt typiske, særeigne vis, innførte han forbod mot å bere fezen (det tradisjonelle osmanske hovudplagget), fordi han såg på det som eit symbol på føydalisme. Atatürk sjølv gjekk alltid med dress og hatt av europeisk type og insisterte på at alle tyrkarar skulle gjere det same.

Sjølv om han var ein dyktig leiar og vart vald gjennom folkeavstemming, finst det likevel nokre som meiner at han styrte diktatorisk eller påstår at han var ein diktator. Men av tyrkarane har han alltid vorte respektert og ideane hans vert kalla kemalisme og utgjer nesten grunnlova til Tyrkia. Overalt i Tyrkia er det mogeleg å sjå skulpturar, måleri og bilete av han. Desse kom først etter han døydde. Den tyrkiske lira er prega av andletet hans, sameleis er dei fleste tyrkiske frimerke.

Arva etter Atatürk er tydeleg i dagens tyrkiske militære styrkar, som er prega av nasjonalistisk leiing og har som målet sitt å verne Tyrkia såvel mot prestestyre som mot å bli kontrollert av andre land. Men kemalistiske offiserar har tre gonger (i 1960, 1971 og 1980) med grunnlag i Atatürk si lære initiert militærkupp mot sine eigne styresmakter og kalla det nedkjemping av politisk korrupsjon. Dette har naturlegvis skapt frykt hos styresmaktene og sjølv dagens moderat muslimske regjering er nøydd til å trå varsamt når det gjeld følsomme tema som Kypros og kurdarar, for ikkje å fornærme kemalistiske krefter i det militære. Kemalistane sine ikkje-talte militære truslar mot sin eigen nasjon og sine leiarar gjev dei ei makt over tyrkisk politikk som har vorte ei av årsakene til at Tyrkia ikkje har vorte medlem i Den europeiske unionen, sjølv om påverknaden deira og posisjon har vorte kraftig svekka under dagens regjering.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mustafa Kemal Atatürk

«Mustafa Kemal Atatürk» (14. mai 2018) i Store norske leksikon, snl.no.