Mustafakemalpaşi Çayı

Mustafakemalpaşi Çayı eller Orhaneli Çayı er ei elv nordvest i Anatolia i provinsen Bursa i Tyrkia. Ho er kalla opp etter byen Mustafakemalpaşa som ligg nær deltaet til elva i Uluabatsjøen.

Suuçtu-fossen i Mustafakemalpaşi Çayı.

Mustafakemalpasha var i antikken kalla Rhyndakos.[1] Rhyndakos var ein av sønene til Okeanos og Tethys. Sjølv om Rhyndakos tidlegare var ein viktig vassveg som rann ut i Marmarahavet og tente som grensa mellom Mysia og Bithynia, men i dag er Mustafakemalpasha berre ei sideelv til Simav, som så munnar ut i Marmarahavet.

Under den første mithridatiske krigen vart Mithridates VI av Pontus slått av Flavius Fimbria i Rhyndakos i 85 fvt. Under den tredje krigen, slo Lucullus han på ny i Rhyndakos i 73 eller 72 fvt. Under Manuel I, keisaren av Austromarriket, vart hovudarmeen deira i Anatolia plassert ved Lopadion (dagens Uluabat) ved Rhyndakos. Etter plyndringa av Konstantinopel under det fjerde krosstoget vann den latinske keisaren Henrik eit nytt slag der mot Det nikeiske riket den 15. oktober 1211.

Kjelder endre

  1. Plinius den eldre. Naturhistorie, V, 40, §2.