Muzio Clementi (24. januar 175210. mars 1832) var ein italiensk komponist, pianist og musikkpedagog under klassisismen. Han er rekna som ein av grunnlegjarane av moderne klaverspel, og den første til å skrive spesielt tilpassa pianomusikk.[1] Clementi var også pianoprodusent og notegutgjevar.

Muzio Clementi

Muzio Clementi
Fødd24. januar 1752
FødestadRoma
Død10. mars 1832 (80 år)
DødsstadEvesham i Worcestershire i England
OpphavDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PeriodeKlassisismen
SjangerKlavermusikk
InstrumentPiano
Verka somKomponist
MorMagdalena Kaiser
FarNicolo Clementi
Gift medEmma Gisborne, Caroline Lehmann
BornCarl Clementi, John Muzio Clementi, Vincent Clementi, Ceceilia Susanna Clementi, Caroline Emma Clementi

Liv endre

Muzio Filippo Vincenzo Francesco Saverio Clementi vart fødd i Roma, men verka hovudsakleg i England. Han var ei tid dirigent for den italienske operaen i London. Han er best kjend for samlingane av pianostudiar, Gradus ad Parnassum, som Claude Debussy sin komposisjon Doctor Gradus ad Parnassum (første sats i suiten Children's Corner) er ein referanse til.[2] Clementi skreiv eit sekstitals klaversonater som påverka utviklinga av denne sjangeren.[1] an skreiv også vokal og kammermusikk og fleire symfoniar.[2]

Muzio Clementi døydde i Evesham i England, 80 år gammal. Han er gravlagd i Westminster Abbey i London.[2]

Omdøme endre

Clementi var mykje omtykt i samtida, ofte meir kjend enn samtidige Wolfgang Amadeus Mozart og nesten like velkjent som Joseph Haydn og Ludwig van Beethoven, men blei meir gløymt på 1800- og 1900-talet.[2]

I 1781 tok Clementi del i ei pianotevling mot Mozart framfor keisar Josef II i Wien.[2] Mozart la ikkje skjul på at han mislikte Clementi sterkt, noko som har fått nokon til å kalle dei «erkerivalar». Dette gir neppe eit korrekt bilete; Clementi sjølv skal ikkje ha gjengjeldt Mozarts mishagsytringar.

Pianisten Vladimir Horowitz var svært glad i Clementi sin musikk, og samanlikna den med Ludwig van Beethoven sine beste verk. Horowitz sine innspelingar av musikken til Clementi førte til auka interesse for Clementi, og til ei gjenreising av ryet hans som ein viktig komponist.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Muzio Clementi (2009, 14. februar) i Store norske leksikon. Henta 4. august 2013.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 William H. Youngren, Finished Symphonies, The Atlantic Monthly, May 1996

Bakgrunnsstoff endre