My Life av Billy Joel

My Life
Singel av Billy Joel
frå albumet 52nd Street
B-side

«52nd Street»

Utgjeve 28. oktober 1978
Innspelt 1978
Sjanger poprock
Lengd 4:44 (album)

3:50 (singel)

Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi 
«The Stranger»
(1978)
My Life «Big Shot»
(1979)


«My Life» er ein song av Billy Joel som kom ut på albumet 52nd Street i 1978. Songen vart gjeven ut på singel hausten 1978 og nådde andreplassen på den amerikanske adult contemporary-lista. Tidleg året etter nådde han tredjeplassen på Billboard Hot 100.

Informasjon endre

Songen byrjar med trommer og elektrisk bass, etterfølgd av eit riff på piano. Riffet vert òg nytta som mellomspel mellom verset og refrenget, og igjen mot slutten.

Chicago-medlemmane Peter Cetera og Donnie Dacus syng korvokal og song i lag med Billy Joel på mellomspelet og avslutninga av songen («Keep it to yourself, it's my life»).[treng kjelde]

«My Life» vart nytta som kjenningsmelodi for ABC-serien Bosom Buddies (1980–82), men på grunn av lisens-problem er han ikkje med på VHS- og DVD-utgjevingane av serien. I desse tilfella er songen bytta ut med «Shake Me Loose» sungen av Stephanie Mills.

Singelen er korta ned noko i forhold til albumversjonen. Både introen og mellomspelet er kortare, medan mellomspelet mellom vers og refreng er kutta i to. Den instrumentale delen etter det andre mellomspelet er fjerna heilt.

Lister endre

Liste (1978/1979) Plassering
Australia 6
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[1] 11
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[2] 27
Canada (RPM100)[3] 3
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[4] 2
Nederland (Mega Single Top 100)[5] 22
Irland[6] 3
Japan (Oricon) 37
New Zealand (RIANZ)[7] 6
Sør-Afrika (RISA)[8] 2
Spania 13
Sveits (Schweizer Hitparade)[9] 4
UK Singles Chart 12
U.S. Billboard Hot 100 3
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 2

Kjelder endre

  1. "Billy Joel – My Life – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 29. august 2014.
  2. "Ultratop.be – Billy Joel – My Life" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. august 2014.
  3. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.0091a&type=1&interval=24&PHPSESSID=r0b0fvnmfdiiqb8dm7jlqidr00
  4. "Nederlandse Top 40 – Billy Joel search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 29. august 2014.
  5. "Dutchcharts.nl – Billy Joel – My Life" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. august 2014.
  6. «Results for «Billy Joel"». irishcharts.ie. s. 3. Henta 29. august 2014. 
  7. "Charts.org.nz – Billy Joel – My Life". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 29. august 2014.
  8. ««My Life» on the Sør-Afrikan Singles Chart». Springbok Radio. January 26, 1979. Henta 29. august 2014. 
  9. "Billy Joel – My Life – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 29. august 2014.

Bakgrunnsstoff endre