Mynde (av norrønt mjór) tyder smal eller smekker, og er eit uttrykk som blir nytta for å skildre ei relativt homogen gruppe med hundar som opphavleg var avla som vakt- og jakthundar, men som no ofte heller er selskapshundar i den vestlege delen av verda. Mange kjenner òg myndane som veddeløpshundar.

Myndehunden azawakh.
Greyhound er ein type mynde.
«Rehjagd»
Måleri av Paul dei Vos (ca. 1650)

Om omgrepet «mynde» endre

 
Spreiing av ulike mynderasar

I Noreg og Danmark har vi henta eit uttrykk som stammar frå det norrøne språket vårt til å skildre desse hundane, nemleg mynde som kjem frå det norrøne uttrykket mjór og spelar på den smekre anatomien til desse hundane. Ei liknande skildring finn ein òg i Kina, der slike hundar blir kalla xiquan, som tyder 'tynn hund'.

I engelskspråklege land kallar ein myndane «sighthound» eller «gazehound», omgrep som spelar på synet og eigenskapar til desse hundane som jakthund, eller «greyhound», som kanskje spelar på ein kombinasjon av den smekre kroppsbygnaden og oppfattinga av hundane som særskilt edle. Dei fleste stader er det vanleg å bruka namn som viser til eigenskapane hundane har til å springa, eller på det at dei skal vera edle eller reine. I Sverige seier ein «vinthund», i Tyskland «windhund», og i Nederland «windhond». I Spania heiter dei «galgo», i Ungarn «agár», i Polen «chart», og litt lenger aust «khort», «chortaj» eller «borzoi». Rundt Svartehavet blir dei kalla «tazi», i Midtøsten «saluki» og i Nord-Afrika «salugi» og «sloughi». Skrivemåten kan variere, men tydinga er stort sett den same.

Anatomi og typar endre

Myndar er anatomisk ganske like, men dei varierer mykje i storleik. Dei har ein muskuløs og straumlinjeforma smal kropp med lange smale muskuløse lemmar, djup brystkasse og opptrekt buk, eit hovud som er langt og smale, med eit langt og small snuteparti med kraftige smale kjevar. Øyrene er hengjande, men kan elles variere mellom rasa. Halen er lang og sabelforma, men kan av og til òg berast i ein krøll. Den lange halen fungerer som styreror i høg fart. Myndane jaktar med synet som sin viktigaste sans, men nyttar òg i nokon grad høyrsels- og luktesans. Dei er bygde for stor fart og har eit kraftig bitt som drep. Blant nokre myndar kan ein framleis sjå meir primitive (forstørra) rovtenner.

I storleik varierer myndane frå den vesle glatthåra italiensk mynden på 4–5 kg, til den gigantiske store ruhåra irsk ulvehunden som kan nærme seg meteren i skulderhøgd. Som type varierer dei mellom dei langstrakte og dei meir kvadratiske. Ein finn dessutan nokre av dei eldste hunderasane i verda blant myndane.

 
Saluki blir rekna som den eldste mynderasen av type, men ikkje i den forma han framstår i dagens Europa

Greyhound blir av mange rekna som sjølve prototypen på ein mynde, men som type blir saluki rekna som den eldste. Greyhound er ein langstrakt sprintar som kan oppnå ein toppfart på meir enn 70 km/t, men han manglar stamina. Muskulaturen er bulande og eksplosiv. I motsett ende finn ein dei meir kvadratiske typane, som til dømes afghansk mynde og sloughi. Muskulaturen er flat og seig. Desse typane har òg høg toppfart samanlikna med andre hundetypar, men ikkje like høg som greyhound. Derimot har dei meir stamina (uthald) og ofte større manøvreringsevne i fart, noko som gjer dei meir eigna til jakt i varierte terreng.

Opphav og bakgrunn endre

Moderne DNA-forsking har fastslått at alle hundar stammar frå ulv. Sida 1993 har hunden derfor blitt klassifisert som ein underart (Canis lupus familiaris) til gråulv. Før den tida vart dei gjerne klassifiserte som ein eigen art (Canis familiaris), ref. Carl von Linnés klassifisering frå 1758.

Sjølv om hundar i dag blir sett på som etterkomarar av ulv, meiner framleis somme at myndane må nedstamme frå ein parallell art til gråulven, og med det vere mykje eldre enn hundar flest. Eigenskapar som myndane sine morfologi, hjartevolum, større del raude blodlekamar, reproduksjonsrate og idiosynkratiske framferd kan støtte ein slik teori, men vanskeleg la seg dokumentere. Då er det meir truleg at myndane har utvikla seg til det dei er med mennesket si hjelp.

Myndar finst naturleg i Afrika, Asia og i Europa, men ikkje i Amerika og i Oseania. Stadig fleire trur no at myndane må ha utvikla seg frå såkalla urhundar, òg kalla pariahhundar.

Urmynden Tesem endre

 
Tesem, sjølvaste urmynden, vart avbilda tallause gonger av dei gamle egyptarane

Tesem (  hieroglyfar som formar ordet tsm) blir rekna av mange som sjølvaste urmynden. Den første avbildinga ein kjenner av ein hund med ringlet hale stammar frå perioden 3800-3600 før Kristus, i den såkalla førdynastiske tida i Egypt. Tesem blir helst framstilt med ringlet haleføring, men ikkje alltid. I fleire jaktscener er nemleg halen anten strokke ut (som under flukt) eller han heng rett ned. Jakt med hund er tidlegast dokumentert gjennom ei framstilling som stammar frå det 4. tusenåret før vår tidsrekning.

Tesem vart framstilt kunstnerisk ei rekkje gonger i den gamle egyptiske kulturen, og han framstår gjerne som ein ein mynde- eller podencoliknande hund med ekstreme proporsjonar. Han har som regel eit karakteristisk langt og small hovud, utan markert stopp og med høge ståande øyre. Kroppen, som er utstyrt med lange, slanke bein, er myndeliknande, slankt og aristokratisk elegant. Ryggen, som er rett, blir avslutta nesten alltid av ein svært karakteristisk krøllhale, som blir bore over krysset. Det finst likevel òg eksempel på at tesem er teikna med hengande øyre og krøllhale, til dømes i eit relieff på ein stele funne under arkeologiske utgravingar i Koptos.[1] Ein kan såleis ikkje konkludere med at tesem alltid hadde høge, ståande øyre, slik han gjerne har blitt framstilt her i Vesten.

Tesem har eit anatomisk ytre som unekteleg peikar mot myndar og podencoar, men som av mange òg har blitt tolka som ein krysning mellom hund og sjakal. Kanskje fordi mange har meint at Anubis, egyptarane sin dødsgud, hadde eit hovud som skulle illustrere ein sjakal. Morfologisk sett minner likevel tesem kanskje meir på ein krysning mellom urhunder og myndar.

 
Tesem (2504-2347 fvt.)

Det finst mange framstillingar av både tesem og andre myndeliknande hundar i den gamle egyptiske kulturen. Ein kan derfor slå fast at hunden må ha vore viktig. At det òg er bilete av hunden i mange av faraoane sine gravkammer, medrekna òg på stel, berre forsterkar dette inntrykket. Det gjer òg det faktumet at hunden anten blir omtalt som tesem (tsm) eller hund (  iw, som eigentleg tyder «det/dyret som bjeffar»), dersom han ikkje hadde eit eige personleg namn då. Noko det finst ei rekkje eksempel på at hundar hadde i denne kulturen.

I denne kulturen er det få andre hundar å observere frå tidsepoken før det såkalla mellomriket, men i perioden 2025-1700 fvt og framover endrar dette seg ganske drastisk. Då dukkar det oftare og oftare opp framstillingar av hundar med andre øyreformer og annleis haleføring. Alt oftare ser ein òg andre typar hundar, både mindre typar og kraftigare typar. Ein av typane som dukkar opp er små støverliknande hundar med hengjeøyre. Ein annan type er store, kraftige kamphundar.

Ofte ser ein urmynden framstilt i jaktscener, men på mange stader kan ein òg sjå at dei må ha hatt stor rituell tyding. Urmynden ber alltid halsring og går av og til i band så det er klårt at det dreier som om hundar som har eit eigarskap. Det er derfor òg grunn til å tru at denne hunden, i alle fall for somme, må ha vore ein viktig sosial partner. Om han er framstilt saman med andre hundar, blir han gjerne framstilt på ein meir verdig måte enn desse. Anten i form av veremåte, utsmykking eller sjølve plasseringa i framstillinga. Frå ulike inskripsjonar, blant anna frå gravkammer, er det kjent at fødselen av ein myndekvalp (jaktmynde) berre vart overgått av det å få ein son. Myndeliknande hundar vart òg balsamerte og gravlagt saman med eigarane sine, noko vi sjå av dei mange mumifiserte hundane som er funne i egyptiske graver gjennom åra.

Opphavet til myndane endre

Dei fleste kynologer har peikt ut Orienten og Midtausten som opphavsstad for myndane, men òg denne teorien byggjer på eit sviktande grunnlag og det har i den seinare tida blitt reist tvil om teorien held stikk. Teorien er bygt på arkeologiske funn av skjelett og framstillingar gjort i regionen, dei fleste av myndeliknande hundar frå den gamle egyptiske kulturen. Det finst òg arkeologiske prov for at myndeliknande hundar fanst i Mesopotamia (Irak) og Persia (Iran) for omkring 4000 år sidan, men det attstår å kunne dokumentere at desse hundane oppstå der og vart førte ut i verda gjennom folkevandringane langs silkevegen og andre handelsruter.

Slik det er i dag, veit ein altså ikkje nøyaktig når og kvar verken myndar eller tamhunden som slik oppstod. Nokon har meint at India må ha stått sentralt, med tanke på dei unike funna etter induskulturen, men nye studiar utførte av indiske forskarar har slått fast at dette ikkje kan medføre sanning. Det finst iallfall ingen spor mellom indiske ulvar og tamhundar som kan peike i den retninga.

I dag meiner fleirtalet av forskarar at tamhunden må ha oppstått i dei søraustre delane av Kina, men òg dette attstår det å dokumentere. Ein har likevel funne arkeologiske prov for at det eksisterte domestiserte hundar der i tidleg neolittisk tid (7000–5800 fvt), jamfør utgravingane ved Jiahufeltet[2], langs elvebredda av Henan-provinsen. Denne teorien blir støtta blant anna av DNA-studia Peter Savolianen[3] utførte.

Dei eldste rasane endre

Hunderasen saluki har av mange kynologar vore halde for å vere den eldste av alle mynderasane som type, men det må understrekast at det ikkje finst konkrete prov for at hunderasen saluki er like gammal. Moderne forsking har slått fast at han høyrer til våre aller eldste hunderasar.

I moderne tid har kynologene ofte hevda at faraohund er den eldste hunderasen i verda, men forskaren Peter Savolainen har nyleg konkludert med at så ikkje kan vere tilfellet. Likeins har ein klårt å kartleggje at alle greyhoundar i dag nedstammar frå berre ei tispe som fanst i England på 1700-talet, slik at når nokre hevdar denne hunden er 6 000 år så gjeld nok det berre typen.

Podencoer, som alle har ein anatomi som minner om tesem, pariahhundar og myndar, har ofte vore sett på som ein av urmyndens nærmaste nolevande slektningar. Savolainens DNA-studiar viser likevel at desse hundane ikkje så gamle som mange har trudd. I så måte seier han at for eksempel faraohund ikkje kan vere meir enn ca. 150-200 år gammal i si noverande form. Savolianens teoriar og konklusjonar omkring den omfattande studien har møtt skepsis frå ein del forskarar, blant anna fordi det har blitt reist tvil om grunnleggjande utrekningar i samband med mutasjonsfrekvensen (klokka) som blir nytta i studiar av mtDNA.

Den mest opphavlege mynden endre

 
Azawakh i det naturlege miljøet sitt

Sjølv om kynologar og forskarar er einige i at saluki er den eldste av alle myndane som type, er det den relativt nyoppdaga mynderasen azawakh som blir rekna som den mest opphavlege av myndane. Dette heng saman med tuaregane sine strengje avlsprisipp, som påviseleg har gått i arv frå far til son gjennom meir enn 1000 år.

Forskarane meiner at azawakh har endra seg svært lite under dei siste tusen åra, noko som blir understøtta av dei primitive eigenskapane og anatomien til hunden. Rasen har ein katteliknande sjøvstende og ein kan framleis sjå individ med forstørra rovtenner. I det opphavlege habitatet sitt lever desse hundane i ein slags pariahtilvere, i og rundt landsbyane til nomadane i Sør-Sahara og Sahel. Dei ferdast og økslar seg fritt, men tuaregane lèt berre dei beste hannhundane få leve opp, saman med eit fåtal spesielt utvalde avlstisper. Hundar som lever slik blir gjerne kalla ein landrase.

Kunnskapen om utveljing har gått i arv frå far til son gjennom tallause generasjonar, men det er uvisst om rasen vil klare å overleve i det naturlege habitatet sitt, fordi det er stadig færre som eig denne kunnskapen blant nomadane i Sør-Sahara og Sahel. Ei gruppe tyske forskarar[4] har likevel sett i gang eit ambisiøst prosjekt for å redde rasen, som blir rekna som eit kynologisk særsyn.

Myndar og muslimar endre

Myndar har alltid hatt ei unik stilling blant verda sin mange folkeslag. Opphavleg vart desse hundane avla som vakt- og jakthundar, men dei var òg svært høge verdsett for dei sosiale eigenskapane sine. Dette kjem tydeleg til uttrykk blant muslimar, som generelt reknar hundar for å vere «ura».

Muslimane tillèt ikkje hundar å kome inn husværet sitt, fordi hundar flest blir rekna som ureine. Myndar, derimot, har alltid fått tilgang til husværet og blir gjerne handsama som om dei var nære slektningar og frendar. Årsaka til dette er å finne i Koranen, der det står at hundar som skulle brukast til jakt måtte vere «reine». Med det meinte ein at hunden skulle ha gjennomgått ei slags åndeleg reinsing og ikkje måtte skamfere (bite hol i) byttet. Koranen seier ingen ting om at det måtte vere myndar, men han nemner at svarte hundar og pariahhundar var ureine og måtte drepast.

Beduinane og dei andre nomadane hadde lange tradisjonar med hundehald og overførte truleg Koranen sin definisjon av ein «rein hund» til jakthundane sine, som altså var myndar. Desse hundane var gjerne trena i ikkje å drepe viltet, men kunne å halde det fast til jegeren kom og kunne avlive byttet. Sida har derfor myndar vore sett som reine blant dei fleste muslimar.

Myndar og adel endre

 
Mudhol er ein indisk mynde som òg er kjend som karwani og caravanhund

Frå historia kjenner vi til at kongar, adelsfolk og høvdingar ofte heldt myndar, medan det i mange tilfelle ikkje var lov å eige dei for vanlege folk. I så måte er myndeliknande hundar ofte framstilt i den gamle egyptiske kulturen. Myndar vart aldri selt, men kunne av og til bli gjeve i gåve, som eit uttrykk for djup respekt eller stor takksemd. Ein jaktmynde kunne skaffe eigaren ein heil flokk med kamelar eller eit par nye koner om han ville byte han bort, så verdifulle var dei.

Òg i den gamle greske kulturen var myndar sentrale som kjæledyr og jakthundar. Likeins vart desse hundane rekna som passande berre for konge og adel på dei britiske auga under mellomalderen, der dei i ein periode endatil var forboden å eksportere ut av landet, fordi kongen sjølv trengde desse hundane til krigføringa si. Slikt seier mykje om den statusen myndane har hatt gjennom hundreåra. Sjølv i dag ser vi at folk flest reknar myndar som noko opphøgd og forfina, ikkje minst gjennom moderne reklamefilm og liknande.

Myndar som brukshundar endre

 
«Winterlandschaft mit einem Jäger»
Måleri av Jan van Wildens (1624)
 
«Ausritt zur Jagd»
Måleri av Franz Krüger (1819)
 
«Jagd bei Nacht»
Måleri av Paolo Uccello (1460)

Med tanke på det forfina visuelle uttrykte myndane gjev, er det mange som i dag gløymer eller ikkje veit for kva formål desse hundane eigentleg var avla. Dei var primært vakthundar og jakthundar, sekundært sosiale følgjesveinar og familiehundar. Den høge sosiale statusen til desse hundane gjennom mange hundreår har gjort dei til eit ynda objekt å avbilete blant kunstnarar.

Vakthund endre

Mange myndar har ein ibuande instinktiv skepsis til framand folk og dyr, noko som gjerne gjev seg utslag i ei form for skyheit eller avmålt likesæle. Slik åtferd er gjerne mest framståande hos dei eldste mynderasane. Dette har i mange tilfelle gjort dei til gode vakthundar, sjølv om vi i Vesten helst tenkjer på myndar som løpshundar og forfina «sofagriser». Då gløymer vi likevel dei formåla desse hundane opphavleg var avla for, nemleg som (og i denne rekkjefølgja) vakthundar, jakthundar og sosiale følgjesveinar.

Myndane si manglande interesse for andre hundar og folk, uoppnåelegheit, og i mange tilfelle skyheit, blir ofte feiltolka. For mange kan dei verke skøyre og redde. Når framand nærmar seg eller stoppar opp for å slå av ein prat, hender det at desse hundane trekkjer seg litt unna eller er totalt uinteresserte, puttar halen mellom beina og byrjar å skjelve lite. Mange tolkar det som ei nervøs handling og spør kanskje eigaren om hunden er litt redd, men myndane skjelv ikkje av verken frykt og nervøsitet. Han skjelv for å halde muskulaturen varm og reie, i tilfelle det skulle bli behov for å forsvare seg sjølv eller eigaren. Dei trekkjer seg unna for å få avstand nok til å kunne reagere mest mogeleg effektivt. Skulle det vise seg nødvendig, vil dei altså ikkje springe vekk i frykt, men angripe med djervskap, fart og stor styrke.

Tradisjonelt har myndar vakta buskap og eigedom gjennom tusenår. Som små kvalpar blir plasserte dei saman med buskapen, som dei naturleg vil kjenne tilhøyrsel til og derfor forsvare når dei blir vaksne. Såkalla vaktarhundar får same opplæring, men dei manglar rovdyråtferda til myndane. Slike myndar vil forsvare både buskap og eigedom, mot både ville rovdyr og meir tradisjonelle tjuvar, på ein fysisk måte. Dei vil angripe i flokk og jage eller drepe ein inntrengjar som ikkje respekterer varsla dei sender ut. Blant nomadar og mange stammefolk er denne tradisjonen både svært gammal og særs nyttig, spesielt i varme strøk der buskapen går ute døgnet rundt. Det er kjent at både azawakh, caravanhund, sloughi, saluki og tazi angripar og drep såvel sjakalar og hyenar som større kattedyr og andre rovdyr.

Jakthund endre

 
Tazi er ein utprega jakthund som hetsar småvilt på steppene i Sentralasia

Myndar er hetsande hundar som jaktar ved synskontakt og ofte drep byttet sjølv, men denne jaktforma er forboden i Noreg og i dei fleste andre vestlege land. I den tredje verda og i nokre europeiske land blir framleis myndar nytta til hetsjakt, og i nokre tilfelle kan desse hundane utgjere eit viktig eksistensgrunnlag for familien.

Det mest vanlege er å sjå myndar jakte i par, men dei jaktar òg aleine eller i små flokkar opp mot seks hundar. Om hundane jaktar aleine, parvis eller i flokk er ofte avhengig av byttet det blir jakta på. Når det blir jakta på hurtig vilt i ope terreng er det ein fordel at hundane samarbeider. Når det blir jakta på småvilt jaktar hundane anten aleine eller i par, av og til òg saman med ein dressert rovfugl. Hundar som jaktar aleine jaktar helst på mindre hurtige byttedyr. Hundar som jaktar i par eller saman med rovfugl jaktar som regel på hurtig småvilt, som for eksempel haredyr. Hundar som jaktar i flokk jaktar helst på større byttedyr, som ville klauvdyr eller andre rovdyr.

Som regel følgjer jegeren jakta frå ryggen av ein hest eller ein dromedar, av og til òg til fots eller på motorsykkel og i bil. Hundane blir bringa til staden der det skal jaktast med minst mogeleg energibruk. Om jegeren rid vekslar gjerne hundane om å sitje på ryggen med jegeren, for slik å spare mest mogeleg energi til sjølve jakta. Av og til bruker jegeren ein dressert jaktfalk eller ei ørn for å avsløre kvar byttet oppheld ser. Jakta byrjar når hundane får synskontakt med byttet. Hundar som jaktar parvis eller i flokk samarbeider under jakta. Nokre myndar drep byttet, mens andre er opplærte til ikkje å drepe eller skamfere byttet. Det siste er viktig for muslimar, som på grunn av si tru ikkje kan nytte kjøt av ein fangst skamfert av ein hund.

Familiehund endre

I Noreg blir myndar skatta først og fremst for dei sosiale eigenskapane og bravadane sine i utstillingsringen. Myndar blir rekna som rolege og sindige familiehundar, som innandørs trivst best på sofaen. Dei treng ikkje meir mosjon og stell enn andre rasar, og helsemessig har dei svært få problem samanlikna med dei fleste. I den graden hundar kan kallast barnevennlege (noko dei aldri kan bli, fordi dei er rovdyr), er myndar stort sett like velskikka som andre hundar. Skotsk hjortehund blir attpåtil rekna av mange kynologar blant dei rasane som har best føresetnader for å omgåast barn, sjølv om dette på ingen måte kan dokumenterast.

Myndar flest blir rekna som sjølvstendige og einvise individ, noko som ofte medfører at dei er litt avmålte og skeptiske til framand folk og dyr. Dette blir ofte mistolka som nervøsitet, mens det eigentleg er eit nedarva instinkt som ein gong i tida var heilt nødvendig for å kunne overleve som rovdyr. Alle ville rovdyr har dette instinktet, men mange hunderasar har anten tapt det eller er i ferd med å tape det. At mange myndar framleis har dette instinktet i behald skuldast truleg at dei i større grad enn andre har fått vere rovdyr opp gjennom tida. Dette tyder ikkje at dei er meir rovlystene enn andre hundar, men heller at dei er meir forsiktige og derfor tek større omsyn til flokken. Dei er med andre ord ofte svært sosiale.

Myndar som oppheld seg innandørs er typisk rolege og sindige, nærmast bedagelege. Dei trivst best i selskap med familien (flokken), fordi dei gjerne er meir flokkorienterte enn rasar flest. På tur i skog og mark og i band på byen eller langs landevegen er det sjeldan særleg mykje mas å ha med myndar, men når dei blir sloppe laus blir det gjerne «action». Dei fleste myndar er fornøgde med ein ca. 30 minutt med aktiv leik eller springing, men somme kan òg halde det gåande i timevis. Her er det skilnader både mellom ulike individ og ulike rasar.

Løpshund endre

Hundeveddeløp er ei svært populær form for hundesport nokre stader i verda, men denne sportsforma har aldri fått særleg fotfeste i Noreg. I land som USA, Storbritannia, Spania, New Zealand og Australia er hundeveddeløp med totalisatorspel svært populært, om enn kanskje ikkje for hundane si skuld. Det er først og fremst greyhound som blir nytta, og slikt pengespel er ofte svært inntektsgjevande for både bookmakerar, oppdrettarar, trenere og lysskye bakmenn. Hundane har det likevel ikkje alltid like greitt. Karrieren er kort, og når tar slutt blir hundane ofte berre ei økonomisk belastning for eigarane sine, som i mange tilfelle kvittar seg med dei på bestialske måtar for å unngå økonomiske økonomiske tap. Amerikanske Greyhound Protection League fortel at det i USA aleine blir avliva omkring 15 000-20 000 veddeløpshundar (greyhoundar) kvart einaste år.[5]

Lure coursing har blitt ei stadig meir populær form for hundesport rundt om i verda, òg i Noreg sidan slutten av 90-talet. Dette er ein fritidssyssel for heile familien, ikkje minst for hundane. Lure coursing tek utgangspunkt i hundane sin naturlege iver etter å jakt på dyr som spring (kalla «coursing»), men byttedyra er byttet ut med eit kunstig bytte i form av ein plastpose eller liknande. Dette «byttet» (luren) blir trekt i sikksakk rundt ei bane (ikkje rundbane) i ei line festa til trinser, og hundane jaktar på byttet, vanlegvis i par. Det blir arrangert jamlege treningar og konkurransar på Østlandsområdet i regi av Norsk Myndeklubb og Norsk Greyhoundklubb. For å få starte i konkurransar, må hundane ha godkjente testløp og ha oppnådd løpslisens.

Utstillingshund endre

Myndar er ikkje blant dei mest populære hunderasane, men rasar som afghanar, italienar, greyhound, saluki og whippet er vanlege å sjå i utstillingsringen. For mange er det å dra på hundeutstilling nærmast ei livsform, og i så måte er ikkje myndeeigarar særleg annleis. Der treffer ein likesinna og kan utveksle meiningar og røynsler og diskutere resultat og kritikkar frå dommarane. For oppdrettarar gjev utstillingar ofte eit høve til å treffe nye og gamle kvalpekjøparar, som kanskje blir samla der for å få kjæledyra sine vurderte av spesialistar. Gode resultat i utstillingsringen gjev ofte meirsmak.

Inndeling av mynderasar endre

Kennelklubbar tilslutta FCI grupperer som regel (det finst unnatak) myndane i gruppe 10. Denne gruppa består av homogene rasar dersom anatomi og morfologi er svært lik, men der storleik og lynne kan variere ganske mykje. Alle rasa har hengande øyrer. Nokre land kan ha ei anna inndeling, gjerne meir lik den som blir skissert nedanfor. Nokre land kan dessutan godkjenne somme rasar som ikkje inngår på den internasjonale lista til FCI

Kennelklubbar som ikkje er tilslutta FCI grupperer gjerne myndane i ei fellesgruppe kalla «hounds» eller «sighthounds and pariahs». Gruppa «hounds» inkluderer både drivande hundar (ikkje dachshundar) og tradisjonelle myndar. I tillegg inkluderer denne gruppa nokre myndeliknande rasar som FCI grupperer som primitive spisshundar (dei har ståande øyre). Dette er altså ikkje på noko måte ei like einsarta gruppe anatomisk og morfologisk. Gruppa «sighthounds and pariahs» tek ikkje med drivande hundar, men dei nemnde spisshundane inngår. I tillegg inngår òg fleire såkalla pariahhunder.

Det finst truleg nærmare 40 ulike mynderasar rundt om i verda, om ein reknar inn lokale varietetar som har eksistert i lang tid. Berre eit fåtal av desse blir akseptert som eigne rasar internasjonalt. I Noreg er Norsk Kennel Klub topporgan for dei rasar som blir godkjende av FCI. Dei deler myndane inn på følgjande måte.

Seksjon 1: Lange- og frynshåra myndar endre

Seksjon 2: Ruhåra myndar endre

Seksjon 3: Korthåra myndar endre

Andre myndar og alternative namn endre

Namna nedanfor er nødvendigvis ikkje namn på unike rasar, men kan òg vere alternatve namn på ein av rasane som er nemnt her eller ovanfor.

  • Afghansk aboriginal
  • Amerikansk hjortehund
  • Amerikansk staghound
  • Australsk kenguruhund
  • Bakhmull
  • Banjara
  • Caravanhund
  • Chimkent
  • Chippiparai
  • Chortaj
  • Chortaya
  • Circassion harehound
  • Hebei xiquan
  • Kaikadi
  • Karwani
  • Kaukasisk mynde
  • Khalag tazi
  • Kasakhstansk mynde
  • Khort
  • Kirgisisk mynde
  • Kyrgyz taigan
  • Langhåra whippet
  • Longdog
  • Lurcher
  • Midtrussisk tazi
  • Mudhol
  • Pashmi
  • Rampurhund
  • Semirichinsky
  • Sentralrussisk tazi
  • Shandong xiquan
  • Silkemynde
  • Silken windhound
  • Sindh
  • Taigan
  • Tazi
  • Tsjerkassisk mynde
  • Turkmenki
  • Turkmensk mynde
  • Vaghari hound
  • Xiquan

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre